FLITTIG GJENG: Denne gjengen hadde med seg ein god bunke forslag til fylkesårsmøtet i Førde. Den nyvalde leiaren Malvin Stenehjem (nummer fem frå venstre) tykkjer årdalsdelegasjonen fekk god uttelling for innsatsen.
FLITTIG GJENG: Denne gjengen hadde med seg ein god bunke forslag til fylkesårsmøtet i Førde. Den nyvalde leiaren Malvin Stenehjem (nummer fem frå venstre) tykkjer årdalsdelegasjonen fekk god uttelling for innsatsen.

Den nye leiaren meiner Ap i Årdal fekk full uttelling på fylkesårsmøtet

Det eine forslaget etter det andre vart banka gjennom, i tillegg fekk dei behalda leiarposisjonen i fylket. For den nyvalde lokallagsleiaren i Årdal Arbeidarparti vart det god uttelling på nokre hektiske første veker i vervet.

Årdal: Malvin Stenehjem måtte ikkje venta lenge på elddåpen som nyvald leiar i Årdal Arbeidarparti. Før fylkesårsmøtet for to veker sidan hadde lokallaget førebudd ikkje mindre ti forslag, pluss èitt i samarbeid med Høyanger.

– Me har masse idear, veit du, og mange saker som me har jobba med i Årdal. Me fekk støtte for dei fleste, seier Stenehjem.

 KLAR: Leiar Malvin Stenehjem i Årdal Arbeidarparti er klar for nye oppgåver.

Samla utgjorde forslaga tretten A4-sider. Det vart ein del nytt for ein fersk gruppeleiar, ikkje minst mykje arbeid.

–  No håpar eg det skal roa seg litt, seier Stenehjem muntert.

Trengte tenkepause før han tok vervet

Han legg til at han har mange flinke folk med seg i styret, ikkje minst har han fått god hjelp i avgått leiar Marie Helene Brandsdal.

Å ta over stafettpinnen var ei avgjerd han ikkje tok på sparket.

– Det følest som ei stor ære, men eg var litt usikker på om eg skulle takka ja. Eg trengte litt tid til å tenka meg om før jul før eg bestemte meg, seier Stenehjem.

Fleire lokale forslag

Blant sakene dei fekk fleirtal for er at lokalsjukehusa Lærdal og Nordfjord skal utviklast vidare og gje gode tilbod til innbyggjarane, at den fornya reguleringskonsesjonen for Fortun-Grandfastvassdraga skal stadfesta at krafta skal brukast i industrien, Nei til Acer og modernisering av og investering i anlegga til Hydro i Årdal og Høyanger.

Det siste forslaget la dei fram saman med Høyanger Ap. Dei to lokallaga hadde òg samarbeida om å føreslå å halda på dei vidaregåande skulane me har i fylket. 

– Det er viktig å få behalda skulestrukturen vår, for den er heilt topp, seier Stenehjem.

Til toppen