SISTE PUSS: Loftesnesbrui blei asfaltert for ti dagar sidan. No er det ikkje lenge att til bilane får sleppe til.
SISTE PUSS: Loftesnesbrui blei asfaltert for ti dagar sidan. No er det ikkje lenge att til bilane får sleppe til. (Bilde: Ole Kristian Åset)

Den nye Loftesnesbrui blir opna for trafikk før desember

Bygginga ligg føre skjema – med èin dag.

Sogndal: – Planen er å opne ho for trafikk i løpet av dagen den 30. november, èin dag før skjemaet. Så det må vere bra klaff, seier prosjektleiar Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

Sjølve brua vart asfaltert for ti dagar sidan. No står påkøyringsrampen på sogndalssida att, montering av rekkverk og lys, pluss ein del andre småting. Så kan dei første trafikkantane få sleppe over. 

– Det blir veldig godt, både for oss og trafikkantane, seier Solbakken.

Heilt ferdig vil ikkje byggjeprosjektet vere før våren 2018. Til dømes står det att å rive gamlebrua og lage til flotte parkområde på begge sider av fjorden. Til saman vil brua koste 400 millionar.

Til toppen