SKATTEPARADIS: Det er langt frå Årdal til adressa den nye eigaren av Melås Helse er registrert på. Guernsey er ei øy i den engelske kanalen, best kjent for sine vakre strender, den båtrike hovudstadshamna og det milde skatteklimaet. Foto:  Guernsey Coast  av  Nicolas Raymond  lisensiert under  CC BY 3.0 .
SKATTEPARADIS: Det er langt frå Årdal til adressa den nye eigaren av Melås Helse er registrert på. Guernsey er ei øy i den engelske kanalen, best kjent for sine vakre strender, den båtrike hovudstadshamna og det milde skatteklimaet. Foto:  Guernsey Coast  av  Nicolas Raymond  lisensiert under  CC BY 3.0 . (Foto: Guernsey Coast av Nicolas Raymond lisensiert under CC BY 3.0)

Den nye Melås-eigaren er registrert i skatteparadis

Samanslåinga av Melås Helse i Sogn og Mestrings- og læringssenteret i Nord-Trøndelag er ikkje så raud, kvit og blå som den vart framstilt.

Årdal: Porten.no kan i dag avsløre at den nye eigaren til dei to omsorgsselskapa, oppkjøpsfondet Longship, har adresse i skatteparadiset Guernsey. Sjølv om det ikkje er ulovleg, vart dei problematiske sidene ved denne praksisen aktualisert i kjølvatnet av Panama Papers-skandalen i april i år.

Det var tidlegare i september at dei to konkurrentane Melås og Lærings- og mestringssenteret (ML) offentleggjorde at dei slår seg saman. Den nye eigaren er altså Longship, eit oppkjøpsfond som kjøper og skaper vekst i små og mellomstore norske selskap, for så å selje med forteneste, normalt etter tre til sju år.

– UPROBLEMATISK: Per Steinar Melås er oppgitt over at folk skal mistenkjeleggjere dei som tener pengar på helsetenester. At hans nye eigar er registrert i eit skatteparadis ser han ingen problem med.
– UPROBLEMATISK: Per Steinar Melås er oppgitt over at folk skal mistenkjeleggjere dei som tener pengar på helsetenester. At hans nye eigar er registrert i eit skatteparadis ser han ingen problem med.

Samanslåinga vart løfta fram som ein liten siger for norske eigarinteresser på den utanlandsdominerte marknaden for kommersielle omsorgstenester i Norge.

– Dei som har operert i Norge frå før har stort sett vore utanlandske selskap. Primært er det svenskar som driv Norge i denne sektoren, så endeleg får me ein norsk aktør inn på marknaden, sa Per Steinar Melås til Sogn Avis då samanslåinga vart offentleggjort.

Men eigarselskapet er ikkje så urnorsk som det blir framstilt.

Vi har intervjua Per Steinar Melås i ei eiga sak, der han redegjer for kvifor han meiner koplinga til skatteparadiset er heilt uproblematisk.

Les også: No er dei største norske selskap på bu- og omsorgstenester

Ei sanning med visse modifikasjonar

Longship har rett nok besøksadresse nokre steinkast frå Slottet, men oppkjøpsfondet er registrert på eit enno meir eksotisk gatenamn. Eit søk på nettet er nok til å få stadfesta dette, men då må du først vite kvar du skal leite.

UPROBLEMATISK: Kai Jordahl i Longship er van med at bruken av skatteparadis blir problematisert. Men sjølv meiner han dei ikkje tener noko på det, anna enn at det er enklare å tiltrekke seg utanlandske investorar.
UPROBLEMATISK: Kai Jordahl i Longship er van med at bruken av skatteparadis blir problematisert. Men sjølv meiner han dei ikkje tener noko på det, anna enn at det er enklare å tiltrekke seg utanlandske investorar.

Kai Jordahl, sjefen for oppkjøpsfondet, stadfester våre opplysningar.

– Ja, fondet er registrert på Guernsey, men Longship er er eit norsk selskap, seier han.

Klikkar du deg inn på Longship sine heimesider vil du ikkje finne den utanlandske adressa nokon stader. Derimot er det nok av dei norske referansane. Longship, eller langskip på norsk, er ein type båt som vart oppfunne av vikingane. Logoen til selskapet spelar på det same. Adressa i Oslo står med passe store fontar, medan ein banner i dei norske fargane pyntar opp nede i hjørnet.

Longship-sjefen meiner ei slik profilering er heilt uproblematisk, sjølv om han ikkje blir overraska dersom folk tykkjer det skurrar. 

– Men det er meir basert på manglande forståing. På sjablongnivå så er det lett å ha ein reaksjon på det. Det er vi godt kjent med. Vi har jobba med desse tinga i fleire år og er fullt klar over at det er eit problem, seier han.

HEILNORSK: Slik framstiller selskapet seg på sine eigne nettsider.
HEILNORSK: Slik framstiller selskapet seg på sine eigne nettsider.

For han er det avgjerande at dei som forvaltar fondet er norske, at pengane blir investerte i norske selskap, og at fleire av investorane er frå Norge, mellom anna Argentum, eit selskap eigd av den norske Staten.

– Dei har strenge krav til sosiale, miljømessige, etikkmessige forhold, både i fond og i forvaltaren, som er oss. Slik at, hos dei som ikkje kjenner til det, så møter vi den type reaksjon, at dette ligg på Guernsey og difor er det unorsk og moglegvis ikkje heilt rett. Men det er fordi folk ikkje har kjennskap til det, seier Jordahl.

– Eg meiner det er manipulasjon

Linn Herning jobbar i For velferdsstaten, ein allianse av eit tjuetals fagforeiningar og landsdekkande organisasjonar, som mellom anna jobbar mot privatisering og marknadsretting av velferdstenester. Organisasjonane representerer til saman over éin million medlemmar.

SKEPTISK: Linn Herning i For velferden meiner det er uærleg av oppkjøpsfond å framstille seg som norske, utan å samstundes fortelje at dei er registrerte i utlandet.
SKEPTISK: Linn Herning i For velferden meiner det er uærleg av oppkjøpsfond å framstille seg som norske, utan å samstundes fortelje at dei er registrerte i utlandet.

I boka Velferdsprofitørene skildrar Herning korleis private selskap tener seg rike på skattefinansierte velferdstenester. Eigarane bak er ofte profittjagande oppkjøpsfond. Ho meiner det er uærleg av Longship å gje ei rosemåla og fornorska framstilling av selskapet. Ho ser det som eit forsøk på å føre brukarane av tenestene, lokalpolitikarar og presse bak lyset.

– Eg meiner det er manipulasjon. Det er openbart at dei vil skjule det faktumet at dei er registrert på Guernsey. Dei veit at det er dårleg marknadsføring overfor befolkninga i Noreg. Det er noko manipulativt over det. Velferdsprofitørane gjer mykje for å få offentlegheita til å tru at dei er ideelle aktørar, at alle pengane går til det dei skal. Dette er nok eit eksempel, seier ho.

Ho er grunnleggande skeptisk til at kommersielle selskap får stadig større innpass i denne typen velferdstenester.

– Oppkjøpsfond har berre eitt formål og det er å auke avkastinga til fondet. Dei har inga interesse i den sektoren dei går inn i, utover at dei trur det er ei god investering, seier ho.

– Kor lukrativt er det?

– Eitt av problema med denne forma for eigarskap er nettopp at vi aldri får vite kor mykje dei tener. Det ser dei på som bedriftsløyndomer. 

Ho nemner likevel eitt døme som kan gje ein peikepinn. Barnehagekjeda Espira vart i 2014 kjøpt av det svenske oppkjøpsfondet EQT.  Selgar var oppkjøpsfondet Capman, der fleire av Longship-partnarane, mellom anna Kai Jordahl, var sentrale. Finansavisen spekulerte i eit mogleg overskot på 500 millionar på seks år, utan at nokon av dei involverte ville kommentere prisen.

Det er uansett ikkje uvanleg for oppkjøpsfond å operere med ei årleg avkastning på over tjue prosent i snitt, fortel Herning.

– Då blir det fort snakk om mange millionar skattekroner som går til privat profitt framfor til velferdstenester, seier ho. 

Gjer det lettare å tiltrekke utanlandske pengar

Kai Jordahl i Longship, derimot, forstår ikkje kvifor nokon skal problematisere at dei tener pengar. 

– Det er viktig for alle verksemder. Det er viktig at du har ein fornuftig økonomi, både for å kunne ha stabile og trygge arbeidsplassar, og for at du skal kunne investere i utvikling av bedrifta, seier han.

Jordahl seier dei vil jobbe hardt saman med Melås Helse og ML for å utvikle innhaldet i det nye helsefirmaet. Utan ei slik samanslåing, og utan Longship sine musklar i ryggen, ville det ikkje vore mogleg, meiner han.

– Vi jobbar utifrå tenkinga at, viss du leverer tenester og kvalitet som er heilt på det ypparste, så vil du òg ha økonomi på botn. Det er naivt å tru at du kan levere dårlege tenester og tene meir pengar på dèt. Slik er det ikkje. Du må levere kvalitet som er betre enn det alle andre gjer, først då blir det økonomisk forsvarleg, seier han.

At dei er registrert på Guernsey har ingenting med moglegheiter for hemmelighald eller skattefordelar å gjere, seier han. Han hevdar tvert om at dei taper på å vere registrert der og ikkje i Norge. Årsaka er utelukkande at det gjer det lettare å tiltrekkje seg utanlandske investorar, som då ikkje treng å setje seg inn i særnorske reglar og tilhøve. Og fleire utanlandske investorar, betyr meir pengar til norske selskap.

– Det er heile poenget med det vi jobbar med. Det er å gje moglegheita til mindre selskap i Norge til å utvikle seg. Dei store selskapa kan vere på børsen og der har dei utanlandske investorar og utanlandske eigarar i massevis. Dei får tilgang på kapital ved å gjere emisjonar på børsen. Men dei mindre selskapa, som ikkje kan vere på børsen, dei lir av at dei ikkje får moglegheit til å ha eigarar med kapital som kan vere med å investere i verksemda. Det er dèt vi bøter på, seier Jordahl.

Skatteparadisa kjem under stadig større press

Guernsey var ei kort stund i 2015 inne på svartelista til EU over statar som er lite opne og lite villige til å samarbeide om å utveksle skatteinformasjon. I dag har sju EU-land nominert Guernsey til den lista, medan du treng ti land for å bli inkludert.

På den andre sida underteikna Guernsey og Norge ein avtale om utveksling av skatteinformasjon i 2008. I tillegg har OECD vurdert Guernsey i ei rekkje kategoriar og kome til at dei i stor grad følgjer spelereglane. Det er same vurdering som USA og Storbritannia har fått, men hakket dårlegare enn Norge. I dag har OECD ingen land på lista over lite samarbeidsvillige skatteparadis.

Longship-sjef Kai Jordahl meiner Guernsey er eitt av landa som har kome lengst på openheit.

– Dei har eit strengare regelverk enn vi har i Norge, for eksempel, for denne typen fond, seier han.

Tax Justice Network er ein organisasjon som jobbar for meir openheit i internasjonale finansstrømmar og mot hemmeleghald i skatteparadis. Sigrid Klæboe, dagleg leiar for Tax Justice i Norge, har ei heilt anna oppfatting av tilstanden på øya i den engelske kanalen. 

IKKJE IMPONERT:
IKKJE IMPONERT:

– Guernsey er rekna for å vere eitt av dei skatteparadisa som har stor grad av hemmeleghald. Dei har til dømes ikkje nokon gode selskapsregister, dei har ikkje krav om å registrere dei eigentlege eigarane til selskapa. Trass i at det blir eit stadig større press for at skatteparadisa skal opne opp, så er Guernsey eitt av dei landa som framleis nektar, seier ho.

At Norge har avtale med øystaten om utveksling av informasjon meiner ho er lite verdt.

– Det er vanskeleg å sjå at kvaliteten på den informasjonen er særleg høg, når selskapa ikkje ein gong treng å oppgje informasjon til selskapet sitt register. Då har du jo ikkje noko informasjon å utveksle, seier ho.

At Guernsey er «kvitelista» av OECD er heller ikkje nok til å gjere inntrykk.

– Det er mildt sagt ikkje særleg strengt. Det held at land seier dei har intensjonar om å bli meir opne, så får du eit godkjentstempel. Panama hadde òg godkjentstempel frå OECD. Men så endra dei det ei veke før Panama-skandalen kom. Så det seier litt om desse godkjenningssystema til OECD, seier ho.

Også ho understrekar at det ikkje er ulovleg å vere registrert på eit skatteparadis. Det som er ulovleg er å ikkje gje rett informasjon til norske skattemyndigheiter om verdiane du har i utlandet.

– Og her er vi ved problemet: slik det fungerer i dag, så er vi prisgitt at selskapa seier at dei har oppgitt rett informasjon, men vi har lite moglegheiter til å ettergå om det stemmer, seier ho.

Til toppen