NY TUNNEL: Den nye Langanestunnelen på fylkesveg 337 mot Veitastrondi skal stå klar 15. desember. Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen.
NY TUNNEL: Den nye Langanestunnelen på fylkesveg 337 mot Veitastrondi skal stå klar 15. desember. Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen.

Den nye tunnelen vert opna i desember​

Den 15. deember får fylkesordførar Jenny Følling opne Langanestunnelen på Veitastrondvegen. 

Veitastrond: – Arbeidet på Veitastrondsvegen går no mot slutten. Me ser fram til å opne tunnelen før jul, slik at folk i Veitastrond får betre og tryggare veg før dei hardaste vintermånadene set inn, seier prosjektleiar Stein Dyngen i Statens vegvesen.

PROSJEKTLEIAR: Stein Dyngen i Statens vegvesen.
PROSJEKTLEIAR: Stein Dyngen i Statens vegvesen.

Den nye tunnelen har fått namnet Langanestunnelen etter eit vedtak i samferdsleutvalet i sommar. 

No er asfalt komen på plass inni og utanfor tunnelen, og det pågår arbeid med betongmurar på veganlegget. I løpet av november skal elektroentreprenør gjera ferdig sin del av jobben før styrings- og tryggleikssystema skal testast opp mot Vegtrafikksentralen.

Rasvoll

I Lindeskreda vart ledevoll for blautsnø gjort ferdig i fjor, medan siste del av  dei 120.000 kubikkmetrane med massane i fangvollen for tørrsnø blir lagt ut no i oktober. Vollen er 330 meter lang, med ei maksimal høgde på rundt 20 meter.

I tillegg til tunnelmasse, er det nytta masse frå oversida av vollen, og det er sprengt ut masse i ein sving sør for Langanestunnelen, slik at vegen samstundes blir meir oversiktleg på det punktet. Saman med plogvollen i Buskreda og skredradaren i Utledøla er fv. 337 no blitt mykje sikrare vinterstid.

Artikkelen held fram under biletet.

VOLL: I Lindeskreda vart ledevoll for blautsnø gjort ferdig i fjor, medan siste del av  dei 120.000 kubikkmetrane med massane i fangvollen for tørrsnø blir lagt ut no i oktober. Vollen er 330 meter lang, med ei maksimal høgde på rundt 20 meter. 

– Me er i rute til opninga, og entreprenørane står no på med siste finishen fram til 15. desember, seier Dyngen.

Den totale kostnaden på prosjektet er på 253,7 millionar. Tunnelen er 1565 meter lang og har to felt. Tunnelen ligg på fylkesveg 337 på sida mot Veitastrond. 

Til toppen