TOPPANE: Trond Øyen Einemo (H) blir varaordførar, medan Jan Geir Solheim (Sp) held fram som ordførar i Lærdal dei neste fire åra. Foto: Ina Eirin Eliassen
TOPPANE: Trond Øyen Einemo (H) blir varaordførar, medan Jan Geir Solheim (Sp) held fram som ordførar i Lærdal dei neste fire åra. Foto: Ina Eirin Eliassen

Den politiske kabalen er klar

Etter ei lang natt, er no varaordførar og formannskapet klart for neste periode i Lærdal. 

Lærdal: Lærdal Senterparti har inngått samarbeid med Lærdal Høgre, der førstekandidat Trond Øyen Einemo (H) kapra varaordførarvervet i kommunen. 

Høgre og Ventre har også inngått eit valteknisk samarbeid. Det har òg Sosialistisk Venstreparti og Arbeidarpartiet, noko som har sikra begge partia plassar i formannskapet.

I det nye formannskapet har dermed Senterpartiet to plassar, Høgre ein, Arbeidarpartiet ein og Sosialistisk Venstreparti ein plass. 

Les også: No skal dei landa dei viktige sakene

Til toppen