POLITIVEKA: Les om kva som har skjedd i Indre Sogn siste veka.
POLITIVEKA: Les om kva som har skjedd i Indre Sogn siste veka. (Foto: Arkiv)

POLITIVEKA

Den siste veka har det vore lite action for politiet i Indre Sogn

Politiet kan melda om rolege tilstandar for tida, men litt rus(s) i sentrum natt til 1. mai.

Indre Sogn: – Det er langt færre folk ute no som utestadane er stengde, seier Erik Skjerdal, politioverbetjent ved Sogndal lensmannskontor.   

Vanlegvis er natt til 1. mai ein fest både for russen og andre folk, men grunna korona og restriksjonar gjekk årets feiring roleg føre seg.

– Det er jo ein rolegare periode for politiet no, det merkar me, seier Skjerdal. 

Han understrekar at heile veka har vore prega av at folk ikkje er så mykje ute, og at heile veka har vore ordensmessig stille og roleg.

Slik var politiveka: 

Måndag: Ikkje noko spesielt skjedde måndag.

Tysdag: Heller ikkje tysdag skjedde det noko spesielt.

Onsdag: Onsdag var òg ein roleg dag for politiet.

Torsdag: Torsdag gjekk roleg føre seg, men utover kvelden kom det litt folk til sentrum i Sogndal i forbindelse med natt til 1. mai. 

Fredag: Det var litt tilfelle av rus i sentrum natt til 1. mai, og fem personar måtte helle ut drikkevarer etter beskjed frå politiet. Ein del russ var ute, men feiringa gjekk roleg føre seg. 

Det blei gjort noko skadeverk på ein kafe i sentrum, men dette blei oppklart på staden, og sak blei ikkje oppretta. 

Laurdag: På kvelden hadde politiet ein fartskontroll på Riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger. Ein bil fekk forenkla forelegg for mindre fartsovertredelse. 

Søndag: Tidleg på morgonen måtte politiet rykka ut i forbindelse med ein rusa person i Sogndal som trengde hjelp. Politiet fekk personen i seng slik at han fekk sova ut rusen, og ting roa seg.

Til toppen