ETTERLENGTA: Prislappen på hangaren er rundt ti millionar kroner. Betra regularitet og kapasitet på morgonflya er fordelane.
ETTERLENGTA: Prislappen på hangaren er rundt ti millionar kroner. Betra regularitet og kapasitet på morgonflya er fordelane. (Illustrasjon: Avinor)

Den skulle gje færre kansellerte fly i Sogndal – kan bli stoppa av EØS-reglar

Bygginga av ein ny hangar på Sogndal lufthamn er sett på vent. Ordførar Jarle Aarvoll er oppgitt, men har ikkje mista trua.

Sogndal: – Eg kan ikkje forstå at dette skal vera konkurransevridande, sa ordførar Jarle Aarvoll på møtet i formannskapet i Sogndal sist torsdag. 

Alt låg til rette for skipinga av Hangar Sogndal, selskapet som skal stå for bygginga av den etterlengta «flygarasjen» på Sogndal lufthamn. 

Heile 6,7 millionar er samla inn av kommunen sjølv, nabokommunar og fylkeskommunen. Men skipinga vart utsett på grunn av eit mogleg brot på konkurransereglane i EØS-avtalen.

Les òg: Om tre år er det ingen att i tårnet

HANGARFORKJEMPAR: Ordførar Jarle Aarvoll har ikkje mista trua, sjølv om hangarbygginga no må settast på vent.  Foto: Halvor Farsund Storvik

EØS-reglar kan hindra hangar

Ordføraren sukka og rista oppgitt på hovudet då han kunngjorde at saka vart trekt frå sakskartet.

– På ein eller annan måte vil bygginga bli realisert, viss ikkje vil det strida mot all logikk. Men no får me sjekka ut regelverket, så tek me det vidare derifrå, seier Aarvoll til Porten.no.

Ein hangar er ein føresetnad for at lufthamna i Sogndal skal få nattstasjonert fly, noko som igjen er nødvendig for å få ned talet kanselleringar vinterstid og færre fullbooka fly om morgonane.

Men det er strenge reglar for kva det offentlege har lov til å gje pengar til. I dette tilfellet har kommunen kome på kant statsstøtteregelverket, eit regelverk som skal hindra at det offentlege subsidierer næringsverksemd og såleis vrir konkurransen mellom bedrifter.

Ordføraren: – Litt spesielt

Spørsmålet kommunen må avklara er på kva side av regelverket dei hamnar når dei no skal bygga hangar. 

– Den førebelse vurderinga er at det ikkje er beinkløyvd å tilføra midlar til eit selskap som skal bygga hangar på Haukåsen. Det er uavhengig av selskapsform, og korleis kapitalen blir tilført. Det betyr ikkje at det ikkje let seg gjera, men at det må undersøkast nærare, seier rådmann Jostein Aanestad i Sogndal.

Fylkeskommunen skal hjelpa dei å navigera i regeljungelen. Dei som har siste ordet i saka er ESA, overvakingsorganet som passar på at EØS-landa held seg til forpliktingane i avtalen. 

– Det er litt spesielt. Dette er noko kommunen, nabokommunane, fylkeskommunen, sentrale politikarar og næringslivet ønskjer. Alle ønskjer dette, og så er det ESA som eventuelt skal stikka kjeppar i hjula, seier Aarvoll. 

Det er forventa at saka vil koma i retur til politikarane etter sommaren. 

Til toppen