– Den som er sterk, må vera snill

På lysmessa i Hauge kyrkje i helga var Pippi Langstrømpe på besøk.

– Eg koste meg veldig med denne karakteren som Pippi Langstrømpe, seier Angy Avendano etter gudstenesta søndag.

Pippi var med på heile lysmessa denne første søndagen i advent. Lys Vaken-deltakarane var med og tende lys saman med Pippi, og ho samla dei aller yngste rundt seg på trappa framføre alteret. 

Mange hadde teke med seg kosedyret sitt, så det var rimeleg trongt om plassen til tider.

Gudsteneste vart avslutta med hausting av juletreet, der ein kunne finne massevis av godsaker.

Når noko slikt skal arrangerast, krev det planleggjing, og allereie tidleg laurdag ettermiddag var førebuingane til Lys Vaken – ei adventsnatt i kyrkja i gong. 

Alle 10-12-åringane fekk vera med på arrangementet, som baud på utforsking av kyrkja, god mat og ikkje minst ei overnatting. 

Seint laurdag kveld var Porten.no innom på besøk i kyrkja, som då lyste nydeleg opp i måneskinnet med lys i alle rom til langt på natt.

Saman med Carsten Wind Hansen hadde 20 10-12-åringar allerie kome godt i gang med kvelden.

– Eg skulle eigentleg ha vore på fest i Årdal i kveld, eg, men det er greitt å vera her òg, seier Eirik F. Bolstad.

Eirik, Sondre S. Hille og fleire av ungdomsleiarane held styr på peparkakebakinga som føregjekk på golvet i kyrkjestova. Desse peparkakehjerta var det som ungane seinare hausta på juletreet saman med Pippi.

Natta gjekk fint og søndag var det frukost i kyrkjerommet og siste finpuss til lysmessa på føremiddagen. Med ei fullsett kyrkje fylt med lys og varme, vart det ei flott helg. Og ettersom vêret også viste seg frå si beste sida, var det uteservering med julebakst, Pippis bringebærlemonade og kaffi.

Til toppen