MEININGAR: «At folk fullfører skulen og har ein jobb å gå til er grunnlaget for alt», skriv Frida Melvær i dette meiningsinnlegget.
MEININGAR: «At folk fullfører skulen og har ein jobb å gå til er grunnlaget for alt», skriv Frida Melvær i dette meiningsinnlegget. (Foto: Høgre)

MEININGAR

– Den som trur at Ap i samarbeid med MDG, SV og Rødt skal redusere avgiftene, kan like gjerne tru på julenissen

«At folk fullfører skulen og har ein jobb å gå til er grunnlaget for alt», skriv Frida Melvær i dette meiningsinnlegget.

Meiningar: Stortinget skal om kort tid behandle statsbudsjettet for 2021 og samtidig med det, fleire tiltak for eit kriseråka norsk næringsliv. Det er all mogeleg grunn til å åtvare mot konsekvensane Ap sitt skatteopplegg vil få for jobbar i private verksemder rundt om i Distrikts-Noreg.

Ap vil auke skattetrykket med sju milliardar kroner, og har kirurgisk innretta det slik at det vil råke norske eigarar av norske arbeidsplassar. Dette er hårreisande når vi no står midt i den største økonomiske unntakstilstanden vår generasjon mest truleg vil oppleve.

Merkeleg å skulde på regjeringa

Arbeiderpartiet prøver å skape eit inntrykk av at Høgre i regjering har økt avgiftene. Sanninga er at Høgre i regjering har redusert det samla skatte- og avgiftstrykket med 30 milliardar kroner. I den grad vi har økt avgifter er det klima/CO2-avgifter, og den som trur at Ap i samarbeid med MDG, SV og Rødt skal redusere desse, kan like gjerne tru på julenissen.

AP vel å vidareføre 23 av dei 30 milliardane vi har gitt i skatte- og avgiftslette. Då blir det mildt sagt veldig merkeleg å skulde regjeringa for å stå bak «ei unorsk skatteskandale», slik Støre hevda under framlegginga av statsbudsjettet tidlegare i haust. Vi ser alt no oppslag om raudgrøn skattekrangel, så kva som blir enden på visa når Sp, SV, Rødt og MDG har fått eit ord med i laget er ikkje godt å seie.

Økt skatt er ikkje vegen ut av krisa for landet

Høgre har sett ned skattane og avgiftene med 30 milliardar sidan vi kom i regjering, og ein vanleg familie betalar i dag 14.000 kroner mindre i skatt enn då Ap styrte. Slik vi forstår dette skatteopplegget vil Ap, midt i den største økonomiske krisa vår generasjon vil oppleve, sende ei kjemperekning til alle dei som skapar jobbar i Noreg. Eg trur alle som akkurat no opplever utryggleik på grunn av koronakrisa, er einige i at det siste norske jobbar treng, er Støre og Heggø si skatterekning. 

Høgre har i sju år latt både arbeidsfolk, barnefamiliar, pensjonistar og norske eigarar som skaper jobbar i Noreg få behalde meir av sine eigne pengar. Det gjer vi samtidig som vi kuttar i helsekøane, bidreg til fleire jobbar i privat sektor, styrkar politi og forsvar og nesten har dobla pengebruken på veg og bane i heile landet. Dette meinte Ap nærmast var umogeleg. Vi har vist – og vil halde fram med å vise at det er mogeleg med nye idear og betre løysingar. Økt skatt er ikkje vegen ut av krisa for landet – uansett kven som får rekninga.

Grunnlaget for alt

Grunnstammen av norske jobbar finn vi i små og mellomstore familieeigde verksemder rundt om i heile landet. Økte skattar som kirurgisk målrettast mot norske jobbar og dei som skapar norske jobbar, er distriktsfiendtleg. Økt formuesskatt favoriserer i tillegg utanlandske eigarar i Noreg. Det er uheldig, for lokalt eigarskap gir store ringverknadar i lokalsamfunna. 

Utan ein jobb å gå til treng ein verken grendeskular eller lensmannskontor. At folk fullfører skulen og har ein jobb å gå til er grunnlaget for alt – både for den enkelte, for lokalsamfunnet og for velferdsstaten Noreg.

 

 

Til toppen