NYTT TEAM: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim tala til ein delvis nykomponert kommunestyresal. Foto: Ole Ramshus Sælthun
NYTT TEAM: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim tala til ein delvis nykomponert kommunestyresal. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Den som trur det blir ein stille haust i Lærdal, tek feil

Ordførar Jan Geir Solheim ser mange utfordrande saker for eit delvis nykomponert kommunestyre.

Lærdal: – Me har ein skulebruksplan ute til høyring, den blir utfordrande. Budsjettet er ei annan utfordring. Og me har store prosjekt under oppsegling på næringsutvikling, det utfordrar oss.

Etter presentasjonar av alt frå gryande cruiseplanar bak lukka dører til orienteringar frå kommunalsjefane for helse og omsorg - samt organisasjon og personal - hadde lærdalsordføraren ein ti minuttars "statusrapport" med kommunestyret for øvrig.

Transformatortrøbbel, geologistudentar og jerichotur

Blant anna nemnde han at Kraftdagen førre veke hadde gitt resultat; høgaste leiinga i Statnett skal koma til Lærdal og sjå på løysingar for den overbelasta transformatoren på Borgund.

Les også: Kraftsalve mot Statnett på kraftdagen

Ei anna hyggeleg melding frå ordføraren var at Universitetet i Bergen er interesserte i eit samarbeid med Lærdal. Dette går ut på at geologistudentar skal koma til bygda og gjera feltundersøkjingar.

– Me kan få vita meir om historia vår, dette er spennande, sa Solheim.

Han nemnde også at det blir planlagd tur til venskapsbyen Jericho i midten av mars.

– Me kjem til å bli ueinige

Men så er det altså nokre utfordringar. På det storpolitiske planet er kampen om å få Hemsedalsfjellet som hovudveg aust-veg høgt på agendaen til lærdalsordføraren. Statens Vegvesen tilrådde Hemsedalsfjellet framføre Hardangervidda for to veker sidan. Slik sett er første omgang vunne:

– For å nytta fotballterminologien; andre omgang blir politisk. Og Hardanger mobiliserer.

Les også: Dette betyr vegvalet for deg

Og Solheim talte til ein delvis nykomponert sal. Fire faste medlemmar har gått ut av kommunestyret i løpet av sommaren, samt to varamedlemmar.  

– Me er eit nytt team. Det er viktig at me framleis er eit team. Me må snakka godt med og om kvarandre. Men ein treng ikkje nytta glaskula for å sjå at me kjem til å bli ueinige.

Høg temperatur om reguleringsplan

Solheim fekk rett - under ein time etterpå steig temperaturen i salen. Kommunestyret hadde gått over til delen med vedtakssaker og skulle diskutera Oppstart av planarbeid Detaljreguleringsplan for Einemomarki. Her vil utbyggjaren leggja opp til blokker med fire etasjar. I gjeldande reguleringsplan for området ligg to etasjar inne.

Jarle Offerdal framførde medlemsmøtet i AP sitt syn på saka:  

– Dette er ei reguleringsendring som er dramatisk annleis, sa han.

Offerdal nemnde mellom anna at ein reguleringsplan som opnar for dobbelt så høge bygg vil få konsekvensar for eksisterande bebuarar sitt utsyn - at ein også må tenkja på dei som alt bur i området, ikkje berre tilflyttarar.

Det fekk ordførar Solheim til å heva røysta:

– No vil private utbyggjarar gje oss det me treng, og då tykkjer eg det er merkeleg at nokre i kommunestyret vil stikka kjeppar i hjula for dette.

Offerdal viste til ei spørjeundersøkjing som konkluderte med at to tredelar av dei spurde ville ha tomtar for einebustader framfor leilegheiter.

Artikkelen held fram under biletet

DRAMATISK: Jarle Offerdal (AP) meiner dobbelt så høge blokker på Einemomarki som eksisterande reguleringsplan legg opp til er ei dramatisk endring.
DRAMATISK: Jarle Offerdal (AP) meiner dobbelt så høge blokker på Einemomarki som eksisterande reguleringsplan legg opp til er ei dramatisk endring.

– Skulle ha endra planverket

Etter kommunestyremøtet var ferdig utdjupa Offerdal sitt syn overfor Porten:

– Hadde det vore ein heilskapeleg plan med fire etasjar frå dag ein, ville det ha vorte noko anna. Det har også med plasseringa av Einemomarki å gjera; fire etasjar på ei flat mark midt i sentrum blir veldig høgt i høve eksisterande bygg.

Ordførar Solheim såg framleis ikkje dei store problema i momenta Offerdal peika på.

– At me gjer reguleringsendringar og hyppige dispensasjonar har med at planverket vårt er gamalt, berre det. Me skulle ha endra planverket, men har ikkje hatt kapasitet. Og me må leggja til rette for fleire leilegheiter fordi etterspurnaden er stor og fordi det vil medføra omløp i einebustader.

Kommunestyret vedtok med elleve mot seks røyster at planarbeidet for detaljreguleringsplan for Einemomarki får starta opp som saka låg føre, der utbyggjar altså legg opp til blokker i fire etasjar. Dette var i samsvar med rådmannen si tilråding

Til toppen