Den store festnatta: – Det har vore forbausande stille
(Foto: arkiv)

Den store festnatta: – Det har vore forbausande stille

Sjølv om «Urd» var uroleg ser den ut til å ha roande effekt på festfolket. 2.juledag er vanlegvis av dei største festkveldane i jula, men i natt har det ikkje vore bråk av noko slag. 

Sogn og Fjordane: – Ja, det har vore forbausande stille. Folk har sikkert teke det med ro ettersom vêrmeldingane var som dei var. Så det er berre å skryta av folk, seier operasjonsleiar Bengt Næss ved operasjonssentralen i Florø.

Vanlegvis er twitter-kontoen til Politiet i Sogn og Fjordane full av meldingar om ymse episodar etter dei store festnettene - eller ein vanleg laurdagskveld, for den saks skuld. Alt frå ruteknusing til slagsmål til overstadig rusa personar som har vorte skyssa heim.

– Folk har oppført seg heilt eksemplarisk

Men morgonen 3.juledag 2016 var den siste twittermeldinga frå Politiet i Sogn og Fjordane klokka 2230 kvelden før om at nokre tre heldt på å falla ned over ein gangsti ved Litlevatnet i Florø. Porten.no måtte ta ein telefon til operasjonssentralen og høyra om det var ein teknisk feil med twitterkontoen eller om dette faktisk er tilfelle.

– Det har ikkje vore bråk av noko slag, altså?  

– Nei, folk har oppført seg heilt eksamplarisk, seier Næss.

– Ekstremvêr er tingen for å unngå uheldige hendingar på festnetter, altså?

– Det spørst om det er taktikken, ja. Ekstremvêret vart vel ikkje så gale som førespegla heller, så det var godt, seier ein nøgd operasjonsleiar Næss.

Til toppen