– Den største gleda er jo å gjera andre glade, og det gjer ein gjennom dugnad

Nasjonalparkfestivalen vart avslutta med jubileumsmarkering for at Folkevegen til Vetti gard er 40 år.

Årdal: – Førti år på Folkevegen. Dugnad er eit ord som berre finst på norsk. Det finst ikkje noko land som har eit ord som innbefattar dette med omtanken for andre; med gleda ved dugnaden. Den største gleda her i livet er jo å gjera andre glade, og det gjer ein jo gjennom dugnaden, sa Knut Lykken under sitt føredrag på Vetti gard under jubileumsmarkeringa.

Folk som kan litt tindehistorie kjenner nok att namnet. Knut Lykken var nemleg ein av to som var med William Cecil Slingsby på den historiske turen som enda med at Slingsby kom til topps på Store Skagastølstind som førstemann i 1876.

Les også: Her er dei på toppen 140 år etter Slingsby

– Eg er så imponert

Den Knut Lykken var oldefar til Knut Lykken som heldt kåseriet «Dramatikk, erotikk, romantikk og turglede under Storen gjennom 200 år» på Vetti gard søndag. 

Slingsby, Lykken og Emmanuel Mohn – sistemann i trioen på turen – nytta Utladalen som innfallsport då førstnemnde nådde Storen i 1876, og ettersom det som kjend heiter «Nasjonalparkfestivalen "Under Storen"», passa sjølvsagt Lykken godt inn i jubileumsprogrammet.

– Eg må seia eg er så imponert over det arbeidet som vart lagt ned her for førti år sidan. Fantastisk, sa Lykken.

Folkevegen vart til gjennom 50 000 dugnadstimar over fem år, og i juni 1977 vart vegen opna. Sidan har den vore sjølve livsnerva for den store turaktiviteten som har vore gjennom denne delen av Utladalen – og bidrege til å gjera området og Vettisfossen vesentleg meir tilgjengeleg for folk flest.

– Me var nøgde og folk verka nøgde

Markeringa søndag bestod av eit rikhaldig program med quiz for borna langs vegen inn til Vetti, to konsertar, talar, føredrag, utdeling av Slingsbyprisen og servering av tradisjonsmat – rømmegraut og spekemat.

Les også: Årdal Danseverkstad vart tildelt Slingsbyprisen

VETTISFOSSEN: Ei gruppe på tur inne ved Vettisfossen i samband med jubileumsmarkeringa for Folkevegn. Privat foto.
VETTISFOSSEN: Ei gruppe på tur inne ved Vettisfossen i samband med jubileumsmarkeringa for Folkevegn. Privat foto.

– Og vaflar. Ein kan prøva seg på mykje finurleg, men i Utladalen skal det serverast vaflar, elles blir det store protestar, seier Rigmor Solem, styreleiar i stiftinga Nasjonalparkfestivalen «Under Storen»

– Det var mange som deltok både på quizen og turen. Me tykte det vart ei veldig kosleg stund på Vetti med programmet vårt. Me var nøgde og folk verka nøgde. Så hadde me svært flinke musikarar. Og det var tydeleg at dette var dagen for familiane. I tillegg hadde me ei gruppe på tur inne ved Vettisfossen som verka til i kosa seg, seier Torunn Todal Laberg i stiftinga.

Musikarane var Annlaug Børsheim og Mari Skeie Ljones, som avslutta programmet med sine folketonar. Før på dagen heldt dei også familiekonsert, då i form av «Morgonfrosken» der også Ingemund Askeland var med.

– Eg tykte det fungerte veldig bra, folk hadde ein fin tur innover. Det var litt i kaldaste laget å sitja litt ute ettersom søndagen var den einaste dagen med litt dårlegare vêr, Elles har me jo vore veldig heldige med vêret under festivalen, særskild når ein ser på resten av juni, seier Solem.

– Elles var det interessante føredrag, mellom anna ved Knut Lykken. For oss som kjenner mange av historiene om fjella her, kom han også med ein del nytt. Eg tykkjer det passar veldig godt inn i feiringa av nasjonalparken og naturen med slike føredrag, held ho fram.

Til toppen