Årdal: Ein gong i tida var han ein «ekstrem kommunepolitikaren», som han kallar seg. Etter kvart innsåg Hilmar Høl at folk var møkklei maset om arbeidsplassar og Hydro på samtlege årsmøte.
– Eg var ikkje særleg godt likt, for å seie det sånn, smiler han.
No er årdølen godt i gang med årets valkamp, som blir litt ekstra spesiell. Som andrekandidaten til Arbeidarpartiet er det ein reell sjanse for at Høl kan hamna på Stortinget saman med partikollega Ingrid Heggø og Liv-Signe Navarsete (Sp) denne hausten.
– Då må me blir det største partiet i Sogn og Fjordane. Dette er ikkje ein kamp mellom Ingrid og Liv-Signe, men mellom meg, Steinar Næss (Sp) og Frida Melvær (H). Det er ein av oss tre som får det tredje mandatet. Då føler eg at Arbeidarpartiet må bli sterkare i Indre Sogn for å klara det, seier han.
Nedslåande resultat
Han siktar til målingane som Sogn Avis presenterte tysdag denne veka. Der går partiet hans tilbake frå målinga gjort i april, medan Senterpartiet held seg stabilt som fylkets største parti. Ap har ein oppslutnad på 24,7 prosent i målinga. Sp har 34,1 prosent.

– Eg vart veldig skuffa då eg såg det, men me følgjer landstrenden. Me held ståa i Sunnfjord, og at me er dårlege i Nordfjord veit me, men i Sogn går me tilbake. Den tykte eg var litt drøy, kommenterer Høl, som også er leiar i Sogn og Fjordane Ap.
– Me lekk veljarar til alle parti. Framstegspartiet har fått ein voldsom oppsving i Sogn. Det kan ha vore den verdidiskusjonen. Eg klarar ikkje heilt å forklara kvifor det er slik. Senterpartiet har 10 prosent meir enn oss, så det er ikkje tvil om at dei ligg best an til å få det tredje mandatet no.
Treng meir støtte i Sogn
Difor frir han no til veljaren i regionen han sjølv kjem frå.
– Det er mange som seier at vår region treng alle sogningar me kan få fordi det er Sogn som eigentleg vil merke regionreformen mest med tanke på arbeidsplassar. Spørsmålet er om innbyggjarane i Indre Sogn tenkjer taktisk og sender ein tredje sogning til Stortinget.

I så fall må lokalpolitikaren frå Årdal bruke tida godt den neste månaden for å overbevise veljarane. Der han tidlegare snakka mest om arbeidsplassar og Hydro, har han byrja å sjå heile biletet.
– Etter ein periode i utvalet for plan og næring og no fylkesutvalet, samstundes som eg har fått tillit som leiar i Ap, har eg det, ja. Det er folk som seier til meg at dei ikkje hadde tru på det. Når dei har lært meg å kjenna i meir ansvarsfulle posisjonar, let dei vel. Så det går an å veksa som politikar og sjå ut av eigen heimplass.
14 000 kilometer i førre valkamp
Også i 2009 var Høl ein utfordrar. Den gongen kom han rett frå kommunepolitikken. Nominasjonsmøtet var delt mellom han og Tor Bremer frå Luster. Då fann han ut at det var greitt å trekka seg. Bremer kom til slutt på Stortinget.
– Då la eg meg litt tilbake fordi eg hadde ungar i krevjande oppvekstalder. Eg tenkte at eg kunne vera heime og driva politikk, men så vart det fylkestinget i 2011. No er ungane vaksne, og då har eg moglegheit til å frigi meir tid til politikken sjølv om ein blir mykje vekke, seier han.
Berre på nokre dagar i førre veka vart 50 mil med køyring. I førre valkamp køyrde Høl 14 000 kilometer. Sjølv skildrar han seg sjølv som ein typisk arbeidslivs- og næringslivspolitikar, og då blir fort skattekutt eit tema.
Skattesnakk
– Eg meiner skattekutt ikkje er det viktigaste for næringslivet no. Formueskatten er ikkje ei bedriftsbeskatning, men personbeskatning. Det er ikkje der skoen trykker for gründerane, meiner han.
– Selskapsskatten har Ap sagt at me vil ta ned. Det vil ha god påverknad på ei bedrift som er villig til å satse. Då får ein avsett pengar gjennom selskapsskatten, ikkje gjennom formueskatten, som eigentleg går til eigaren si forteneste, legg Høl til.
Skatt var også det første temaet som kom opp under partileiardebatten i Arendal måndag.

– Dersom ein kuttar 7,5 milliardar i formueskatt, vil nesten 80 prosent av summen gå til dei sju prosent rikaste i landet. Då seier Ap at me vil auka skattegrunnlaget med 15 milliardar og bruka dei på å styrka omsorg, helse, skular og skape arbeidsplassar med eit aktivt statleg eigarskap.
– Det fungerte under finanskrisa då me skapte 360 000 nye arbeidsplassar, der ein tredjedel av desse var i offentleg sektor. Den blåblå regjeringa har skapt 32 000 nye arbeidsplassar, der tre fjerdedelar er i offentleg sektor. Ein skulle tru det var motsett, men då ser ein tydeleg at arbeidslivspolitikken vår fungerer.
Nettleige
Ei anna viktig sak som engasjerer Høl, i likskap med svært mange i Sogn og Fjordane, er utjamning av nettleiga. I landsmøteperioden i vinter melde det eine partiet etter det andre stolt frå om at dei lovde utjamning av nettleiga – også Ap.
– Den har me lovd at me skal gjera noko med. Me gjorde ein kjempejobb på landsmøtet der me kravde utjamning, samt at kraftkrevjande industri må få ein eigen tariff slik at dei ikkje får auka kostnader i framtida. Vil folk ha mindre nettleige, må dei røysta Ap, er formaninga.