Sogndal: – Eg har selt både husvære og alt eg eig i Sogndal. Kva eg gjer når eg kjem att frå reisa veit eg ikkje. Eg har sleppt alt eg har og føler det er på tide å prøve noko nytt, seier Eirik Bergum Skaasheim, ein av dei få sogningane på Sogndal denne sesongen.

Til saman har han spela 69 kampar for laget sidan debuten for åtte år sidan.
Debutkampen var ein dyst i cupen mot Årdal, der sogndølene vann 4-0. Han scora eitt av måla i sigeren, men sidan vart det ikkje fleire mål på den unge fotballspelaren.
Trenarane fann ut at dei heller ville ha han i forsvar enn på midtbana, som var den opphavlege posisjonen hans.
Får tid til å tenkja gjennom ting og verkeleg bryta med det gamle mønsteret
– Eg har fått spela fotball i so mange år og verkeleg fått oppleva det. No ser eg fram til å reisa og til å vera student. Eg får vera med på meir av det som ungdomslivet har å by på medan eg enno er ung, seier Skaasheim.

Ut på nyåret legg han ut på ei lang reise saman med kjærasten. Dei skal fara vidt omkring både i Afrika og i Asia og tenkjer ikkje å koma attende til Noreg før midtveges i mai.
Når dei er komne att frå reisa, tenkjer Skaasheim å ha heilt fri fram til hausten. Då skal han byrja på mastergrad. Kvar han skal ta den har han ikkje bestemt seg for enno.
– Det skal verta godt med eit halvår med heilt fri. Eg får tid til å tenkja litt på ting og til å bryta med det mønsteret og dei faste rutinane eg har hatt i livet sidan eg var 12-13 år gamal, seier han.
Han er alt i gong med å bryta det faste gamle toppidrettsmønsteret. No før jul har han hatt ein eksamensperiode og rørt lite på seg.
– Men eg har nett kome att frå ein skitur. Det er godt å få lufta kroppen. Det er kjekt å halda seg i gong slik for eige velvere og ikkje fordi det er noko eg må.
Før har han fått dårleg samvit om han ikkje har gjort tilstrekkeleg mange intervalløkter. No set han pris på å trena han når han ynskjer og av glede.

Ser fram til studiet etter at han har kome att frå reisa
Skaasheim gleder seg ikkje berre til den lange reisa han og kjærasten skal leggja ut på. Han ser fram til studielivet til hausten òg, sjølv om han alt har ein heil bachelorgrad i økonomi og administrasjon innabords.
– Hittil har eg på eit vis dårlege erfaringar med det å vera student. Eg har pugga til eksamenar og sprunge til eksamenar. Det har vore studenttida mi. Eg ser fram til å ta del i den sosiale biten som høyrer med til studia.
Nyt fridomen i å ikkje alltid ha faste rammer
Skaasheim ser òg fram til eit friare liv, eit liv der han kan setja av ei helg til å gjera kva han vil ein månad fram i tid, til dømes. Medan han har satsa aktivt i fotballen har ikkje slikt vore mogleg utan vidare.
– Eg har sakna å vera litt friare.
Han har satsa aktivt på fotballen sidan han var tolv år gamal. Men han ynskjer å gjera mangt anna i livet enn å spela fotball.

– Nesten sidan starten av fotballkarrieren har eg hatt i tankane at eg ikkje kom til å satsa i toppfotballen til eg er langt opp i ungdomsåra.
Han er 98 prosent sikker på at han gjer rett i å leggja fotballskorne på hylla no. Han trur heller ikkje at han kjem til å byrja å spela fast på eit lågare nivå, ettersom han vil ut av den gamle rutinen.
– Sjølv om eg skulle trappa ned tre divisjonar, so ville det vore fem treningar i veka og lange, faste reiser til kamp.
Heller ikkje spel i dei aller lågaste divisjonane er noko han trur han vil byrja med, i alle fall ikkje i næraste framtid.
Fotballgleda vil framleis vera der
– Kjem du til å sakna livet som Sogndal-spelar?
– Kameratane og kameratskapen i klubben er det eg kjem til å sakna mest. På fotballaget har eg møtt kompisane kvar dag og trakka i eit veldig godt miljø.

Sogningen seier han kjem til å koma inn i nye miljø i staden, men tykkjer likevel det vil vera noko særeige med det sosiale i fotballklubben som det vil verta litt rart å forlata.
Men han trur ikkje han kjem til å sakna sjølve gleda med å spela fotball:
– Framimot jul og i denne romjula har eg spela fotball med kompisar. Eg synest det er veldig gøy. Eg får fylt gleda ved å spela like mykje slik som gjennom profesjonell kamp, tykkjer Skaasheim.
Trur på ei framtid for toppfotballspelarar frå fylket

Når Skaasheim no forlèt fotballen, tynnest det i rekkene av spelarar frå fylket i Sogndal Fotball.
Men Skaasheim har trua på at spelarar frå Sogn og Fjordane kan gjera det bra i Sogndal i åra frametter.
– Eg har stor tru på Sivert Mannsverk, han er ein spanande kar. Johan Hove er eit anna stort talent hjå Sogndal. Du ser òg kva Florø har fått til, so lokalfotballen er absolutt ikkje daud.