Det var ikkje ukontroversielt å leggja flyplassen til Gardermoen. Opseth møtte demonstrantar då han i 1993 tok del i det første byggjearbeidet. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK
Det var ikkje ukontroversielt å leggja flyplassen til Gardermoen. Opseth møtte demonstrantar då han i 1993 tok del i det første byggjearbeidet. Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK

Den urvestlandske bulldosaren

Merittlista til tidlegare samferdsleminister Kjell Opseth er lang, men òg langt frå plettfri. No er boka om politikaren mest kjend for plasseringa av flyplassen på Gardermoen her.

Førde: Då Dag H. Nestegard fekk spørsmål frå Samlaget om å skriva om samferdslepolitikaren Kjell Opseth frå Førde, reagerte han først slik:

– Hæ? Kjell Opseth? Ikkje har han elskarinne, ikkje har han alkoholproblem, og så betalar han skatten si med glede. Er det noko å skriva om, då?

Men etter kvart fann han ut at politikaren likevel var nokon å skriva bok om. Nestegard er frå Svelgen i Bremanger, frå eit industrisamfunn ikkje heilt ulikt det Opseth sjølv er frå. Difor meiner han at han forstår kulturen der 1. mai er viktigare enn 17. mai.

– Men det var ein stri tørn å få han på glid. Opseth har sagt nei til mange. «Er no det noko å skriva om?» sa han. Men eg snakka mykje med sonen hans, og det var han som fekk Opseth med på det. Det vinnande argumentet var å gje barnebarna moglegheita til å lesa om kva bestefaren hadde sysla med, fortel Nestegard.

Folk byrjar å le

Opseth tok over Samferdsledepartementet i 1990, i ei tid med høg arbeidsløyse, om lag sju prosent, og høge renter. Samtidig byrjar Arbeidarpartiet å verkeleg opna opp lommeboka. Dei to første åra Opseth var statsråd skil seg ut med større løyvingar enn åra før og etter.

Artikkelen held fram under biletet.

Tidlegare statsråd Kjell Opseth landa 40 år med debatt då Stortinget 8. oktober 1992 vedtok å leggja den nye hovudflyplassen til Gardermoen. Her frå éin av debattane om temaet i Stortinget.
Tidlegare statsråd Kjell Opseth landa 40 år med debatt då Stortinget 8. oktober 1992 vedtok å leggja den nye hovudflyplassen til Gardermoen. Her frå éin av debattane om temaet i Stortinget.

På vegen fekk han seg mange uvener. Skal ein tru boka merka ein fort aversjonen om ein tok drosje i Oslo på 1990-talet. Samstundes er Opseth éin av fire som fekk sete i statsrådsstolen alle dei seks åra i den tredje regjeringa til Gro Harlem Brundtland.

– Seier eg til folk i Oslo at eg skriv om Kjell Opseth reagerer dei surt med éin gong, men om eg seier det på Vestlandet byrjar folk berre å le.

– Han var ikkje oppteken av ideologi, men av å få ting gjort. Av og til litt for fort. Han var ein bulldosar og terga på seg folk. Opseth kom frå ein husmannsplass utan veg i Førde, yngst av åtte søsken. Det er noko urvestlandsk med det å arbeida for å overleva, seier Nestegard.

Men at Opseth gav mest til heimfylket meiner forfattaren er ei myte.

– E18 gjennom Vestfold, tunnelen under Ekeberg og Plaza, dobbeltspor til Moss er døme på det. Og han gjorde Rådhusplassen bilfri. Før Opseth køyrde 70.000 bilar der dagleg.

Pragmatikaren

Åtte tunnelar i Sogn og Fjordane opna Opseth sine år som statsråd, i tillegg til Lærdalstunnelen nokre år etter. Den fekk han fleirtal for i Stortinget ved å lova Ringeriksbana til SV, ei bane som nesten ikkje var greidd ut eingong.

– Han gjekk aldri inn i stortingssalen om han ikkje visste han hadde fleirtal. Då lét han heller saka liggja og gjekk vidare til neste.

Artikkelen held fram under biletet.

Kjell Opseth har fått mykje merksemd for løyvingane han gjorde til heimfylket Sogn og Fjordane. Gjennom tida hans som statsråd opna åtte tunnelar i fylket. Illustrasjon: Statens vegvesen
Kjell Opseth har fått mykje merksemd for løyvingane han gjorde til heimfylket Sogn og Fjordane. Gjennom tida hans som statsråd opna åtte tunnelar i fylket. Illustrasjon: Statens vegvesen

Den strategien er synleg i den største einskildsaka Opseth hadde på bordet. Sundag 8. oktober er det 24 år sidan Stortinget vedtok å leggja den nye hovudflyplassen på Gardermoen. At 40 år med diskusjonar tok slutt, meiner Nestegard er Opseth si forteneste.

– Og det tok berre seks år frå vedtaket vart gjort til kongen opna flyplassen.

I eit avhøyr med Smith-kommisjonen, som er teke med i boka, innrømmer Opseth at han hadde sikra seg fleirtal for Gardermoen med dei andre partia kvelden før og morgonen før røystinga i Stortinget.

Høgre følte seg nok lurt då Opseth fekk snudd om voteringsrekkjefølgja, slik at Arbeidarpartiet og Gardermoen fekk subsidiærrøystene frå partia som ville ha delt løysing mellom Gardermoen og Fornebu.

– Det var berre snakk om å få fram det fleirtalet som var der, sa Opseth i avhøyret.

Kontroversiell, men bestemt

Smith-kommisjonen vart utnemnd i 2000 for å undersøkja plasseringa av Gardermoen. Det var det mest alvorlege av tilfella der Opseth vart prøvd stilt for riksrett.

Opseth har vore knytt til andre skandalar i samband med prosjektet, som dei økonomiske overskridingane på Gardermobanen og lekkasjane i Romeriksporten.

Artikkelen held fram under biletet.

Kongen opna Gardermoen i 1998, berre seks år etter Stortinget vedtok plasseringa for den nye hovudflyplassen.
Kongen opna Gardermoen i 1998, berre seks år etter Stortinget vedtok plasseringa for den nye hovudflyplassen.

– Desse tinga kunne nok vore betre undersøkte før ein sette i gang. Men det er slik han var. Han måtte få ting gjort.

At E39 går ein omveg innom Førde er heller ikkje populært hjå alle.

Etter statsrådskarrieren fungerte Opseth som rådgjevar for bedrifter og som styregrossist. På 2000-talet var han involvert i fleire skandalar, som då Carl Fredrik Seim slo bergensverftet Mjellem & Karlsen konkurs, sjukehusstriden i Førde, Synnøve Finden, og Vest Tank-eksplosjonen i Gulen.

– Han burde nok gjeve seg på topp. Etter ein demonstrasjon for sjukehuset i Lærdal sa han at «Nei, eg har no sett større demonstrasjonstog enn dette». Det er det mange sogningar som ikkje har gløymt. (©NPK)

Til toppen