Lærdal: Lærdal Grønt har store planar på Håbakken, men planane har stått og falle på om Statens vegvesen var villige til å flytte ei avkøyrsle til industriområdet hundre meter.
I dag skriv Sogn Avis at vegvesenet no gir grønt lys.
– Me ønskjer primært, som nemnd i tidlegare korrespondanse, at eksisterande kryss vert nytta. Dersom det ikkje er mogleg å gjennomføra, gjev me med dette løyve til å flytta eksisterande kryss, skriv vegvesenet i eit brev til Lærdal kommune, som avisa siterer.
Det er som musikk i øyra til Lærdal Grønt-sjefen.
– Det var heilt vesentleg for at vi skulle kunne fortsetta med Håbakken-planane våre. Så her har kommunen gjort ein god jobb i argumentasjonen for å få gjennomslag, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt, til Porten.no.
Treng tomtepris-avklaring
Lærdal Grønt held i dag til på Lærdalsøyri, men ønskjer å flytta både pakkeriet og Felleskjøp-butikken til Håbakken. Ei slik plassering opnar opp for å drive butikkutsal til alle dei som køyrer forbi på gjennomfartsåra E16.
Tanken er at Smak av Sogn, som førebels sel lokal mat i ein landhandel på Lærdalsøyri, skal få fast tilhald på Håbakken.
– Det er inngangsporten til Sogn, så då er det greitt å kunne visa fram alle dei flotte varene me produserer, seier Mundal.
Med avkøyrsla tilsynelatande i boks, vert neste steg å få ei avklaring hos kommunen når det gjeld tomtepris:
– To forskjellige scenario
– Det må me satsa på at me finn ei rimeleg løysing på, seier Blaaflat Mundal.
Deretter gjeld det å sette opp eit detaljert reknestykket, som styret i Lærdal Grønt må få på bordet før dei tek avgjerda.
– Det er enno eit godt stykke arbeid igjen å gjera, men det hadde vore voldsomt kjekt å få til. Det ville ha gitt oss nye lokale som er spesialtilpassa det me driv med, samtidig som plasseringa opnar opp nye moglegheiter for oss, seier Blaaflat Mundal.
– Me kan leva med å vera der me er, men det er to forskjellige scenario. Kven av dei me går for er noko styret må avgjera, seier han.