IDYLLISK: Leiar i Nasjonalparkfestivalen Under Storen, Rigmor Solem, Torgeir Jevnaker og Jørgen Asperheim i ein gamal Sognabåt som truleg har hatt William Cecil Slingsby som passasjer. Solem ønskjer å starte eit prosjekt for å bevare desse båtane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
IDYLLISK: Leiar i Nasjonalparkfestivalen Under Storen, Rigmor Solem, Torgeir Jevnaker og Jørgen Asperheim i ein gamal Sognabåt som truleg har hatt William Cecil Slingsby som passasjer. Solem ønskjer å starte eit prosjekt for å bevare desse båtane. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Denne båten har truleg hatt Slingsby som passasjer

I desse dagar held Rigmor Solem og Frida Aakervik Berg på med å leite fram gamle «sognabåtar» som kan nyttast under Nasjonalparkfestivalen neste år.

Seimsdalen: Solem er leiar i stiftinga Nasjonalparkfestivalen under Storen, og ho fortel at under fjorårets planleggingsmøte kom desse båtane fram som eit emne. Det same gjorde eit samarbeid med ungdomslaga i Seimsdalen og Vikadalen.

Berg på si side er student ved kulturminneforvaltinga ved NTNU i Trondheim og har hatt praksis i Årdal i kulturlandskap. 

– Då me hadde styremøte, fann me ut at det kunne vera fint å få hjelp av ho og legge grunnlag for eit prosjekt, fotografere båtar og få det på papiret, fortel Solem.

HJELPER: Frida Aakervik Berg er student ved kulturminneforvaltinga ved NTNU og bidreg i kartlegginga av båtane.
HJELPER: Frida Aakervik Berg er student ved kulturminneforvaltinga ved NTNU og bidreg i kartlegginga av båtane.

Slingsby som passasjer

Til no er opp mot 20 slike båtar registrert i Vikadalen, Ofredalen, Seimsdalen, Årdalstangen og Farnes. Ein av desse har ei heilt spesiell historie. Den 120 år gamle båten til Håkon Lysne, som Solem og Berg er i Seimsdalen for å sjå i aksjon på sjøen, har nemleg med stort sannsyn frakta sjølvaste William Cecil Slingsby.

Les også: Her henger Eskil 275 meter over bakken utan sikring

– Dessutan vart båten brukt til kysttrafikk til Klingenberg Hotell, fortel Torgeir Jevnaker, som kjenner til ein god del av historia kring desse båtane.

Tanken er å få til eit prosjekt, der målet er å få sjøsett båtane minst ein gong i året. Tysdag var båteigarane samla på Klingenberg Hotell og stemninga var positiv til prosjektet.

– Det kan ikkje bli betre enn at båtane og historia rundt dei kjem fram i dagen til yngre generasjonar. Dette er heilt rett, meiner Jevnaker.

Fjorden som tema

No er neste steg å få tak i ein kompetent person som kan reise rundt og sjå nærare på båtane og finne ut kva det kostar å setje dei i stand. 

– Tanken er å lage eit større prosjekt for å skaffa pengar til det. Det er mykje som kan knyttast til desse båtane. Ein må byrja i det små og sjå kva ein har energi til.

Artikkelen held fram under biletet.

VAKKERT: I nydeleg vêr på fjorden i Seimsdalen tar den 120 år gamle båten seg godt ut.
VAKKERT: I nydeleg vêr på fjorden i Seimsdalen tar den 120 år gamle båten seg godt ut.

Les også: Nasjonalparkfestivalen er blitt ei stifting

– Under Nasjonalparkfestivalen i mai neste år er det meininga at det skal handla om fjorden laurdagen. Sist me nytta oss av desse båtane, iscenesette me då Slingsby kom til Årdal for første gong. Slik er det mogleg å bruka dei. Og så har me vore i dialog med eldsjelene i «Ne' fø' sjøen», som synest det hadde vore strålande med eit arrangement i Ofredalen der folk blir frakta ut i desse båtane, fortel Solem vidare.

NAUDSYNT: Torgeir Jevnaker fortel at desse båtane var heilt naudsynte for bøndene før i tida.
NAUDSYNT: Torgeir Jevnaker fortel at desse båtane var heilt naudsynte for bøndene før i tida.

Naudsynt med båt

Før i tida spelte desse båtane ei svært viktig rolle for folk som til dømes budde i Seimsdalen og i Vikadalen. Dette var sjølvsagt i tida før det var veg inn til Årdalstangen.

– Administrasjonen var på Årdalstangen, så samtlege bønder hadde kvar sin båt. Då var det inn på Årdalstangen for å gjera sitt ærend og ut igjen. I tillegg brukte ein båten når ein skulle i kyrkja, og ved gravferder til dømes måtte kista ut i båten. Det var heilt naudsynt med båt fram til tunnelen kom, seier Jevnaker.

Til toppen