FLYTTA FRÅ BERGEN: Inge Njøten er fødd og oppvaksen i Bergen, men då han fekk nyss om jobben på Tya, tok han ivrig med seg kone og born og flytta til Årdal.
FLYTTA FRÅ BERGEN: Inge Njøten er fødd og oppvaksen i Bergen, men då han fekk nyss om jobben på Tya, tok han ivrig med seg kone og born og flytta til Årdal. (Foto: Sunniva Knutsen)

Denne bergensaren er ny dagleg leiar for Tya: –  Kona påstår at eg er skapårdøl

Sjølv har han jobba i restaurant- og hotellbransjen i 20 år.

Årdal: Då Inge Njøten fekk nyss om at det var ei ledig stilling i Årdal tok han kona og dattera under armen, selde huset i Bergen og flytta til bygda. 

Kona Britt Sem-Johansen er frå Årdal, og sjølv om dei har budd i Bergen i 20 år, vitja dei ofte Årdal i feriane. Njøten påstår jamvel at han var mest entusiastisk til å flytta. 

– Eg tykkjer det er veldig triveleg her. Kona mi har alltid påstått at eg er ein skapårdøl for eg følgjer mykje meir med på lokalavisene og hendingar på Facebook i Årdal enn det ho gjer.

Njøten:– Vil trekka årdølene ut av sofakroken

Njøten er dagleg leiar for heile Tya konseptet; bakeriet, kafeen og baren. 

Han seier det har vore mykje jobb sidan han starta 1. august. 

– No har eg stort sett vore på jobb i kafeen her sidan eg byrja 1.august, mykje grunna ferieavvikling.

Han har førebels ikkje lagt alle rammene for korleis han skal fordela seg over dei tre verksemdene, men legg vekt på at han er utruleg nøgd med dei ansette.

– Det er så mykje flinke folk her. Dei som jobbar på kafeen, baren og bryggeriet har jo full kontroll. Det er bra!

Njøten seier at han ikkje har nokre spesifikke planar for Tya framover, men synast det er kjekt å tenka ut kreative tilbod til både baren og kafeen. 

–  Eg har ikkje noko hokus pokus planar, men eg vil prøve å finna på noko gøy saman med dei som allereie er her. Eg vil trekka årdølene ut av den gode sofakroken, så me kan ha åpent kvar dag, og ha shuffleboardturneringar og visa mykje fotball, ler han. 

Jobba i bransjen i tjue år 

Njøten fortel at han har lang erfaring innan hotell- og restaurantbransjen, men det er ti år sidan han aktivt jobba med det.

For dei dei siste ti åra har han drive med sal av reklameartiklar.

– Før det har eg drive eit lite hotell, eg har drive ein fotballbar, ein nattklubb og restaurant. Eg har erfaring, men det er spanande. Det er litt sånn «back to basic».

Spent på å bu i Årdal året rundt

Sidan kona, Britt Sem-Johansen, er frå Årdal, har den vetle familien på tre ofte vitja bygda i feriar. 

– Jenta vår på fem år tykkjer det er kjempestas å vera på besøk hjå besta og besten og tante og Oskar, hunden. Det er dei store heltane, seier han lattermildt. 

Han legg vekt på at han likar Årdal særs godt, men innrømmer at han er spent på korleis det vil vera å bu her året rundt.

– Folk seier til meg at eg kjem til å få ei overrasking då eg skal bu her. Det veit eg ikkje korleis blir.  Men eg er stort sett veldig tilpasningsdyktig, og klarar å omgå alle moglege menneske og tilpassar med dei fleste omgivnadar. Då tenker eg at eg skal klara å bu her òg.

Han seier han kanskje vil koma til å sakna aktivitetstilbod som ein lettare kan finna i storbyar. 

– Det er jo det urbane eg kanskje vil sakne. Eg føler kanskje at årdøler er litt urbane men, likevel er det ikkje naudsynt eit fullkomment urbant tilbod, det blir litt vanskeleg. Det er lettare å gå på fjellet, kanskje eg må bli flinkare på det. Det er mange moglegheiter i den gata, ler han. 

Til toppen