SYKKELDAG: Denne blide gjengen er godt nøgde med sykkeldagen som 10. klasse arrangerte for dei onsdag. Foto: Øyvind Heggheim.
SYKKELDAG: Denne blide gjengen er godt nøgde med sykkeldagen som 10. klasse arrangerte for dei onsdag. Foto: Øyvind Heggheim.

Denne blide gjengen er nøgd med sykkeldagen

Onsdag var det sykkeldag på Tangen skule, der elevane i 4. klasse fekk testa ferdigheitene på sykkel og utdelt ein splitter ny sykkelhjelm.

Årdalstangen: På skulen er det tradisjon at det er 10. klasse som arrangerer sykkeldagen. Ola Akre seier dagen gjekk fint og at dei unge sykkelaspirantane no er klare for å ferdast på sykkelen. 

Planlegginga av sykkeldagen starta allereie for ei god stund sidan. I mellomtida har dei hatt teorikurs med elevane, der dei lærer korleis dei skal oppføre seg på sykkel i trafikken – som å vise teikn til kor ein skal og at ein skal sykle på høgre side av vegen.

Når det er sykkeldag, så er det også ein prøvedag for elevane. 10. klassingane hadde laga løyper som dei yngste får prøve seg i.

Artikkelen held fram under biletet.

NØGDE KARAR: Desse to karane er svært godt nøgde med dei nye hjelmane sine.
NØGDE KARAR: Desse to karane er svært godt nøgde med dei nye hjelmane sine.

– Då sykla dei rundt på Tangen og hadde prøve med løype. Då dei var ferdige, fekk dei diplom og brus, fortel Akre.

– Me byrja å jobbe med dette for ein god stund sidan. Då delte me klassen inn i grupper, der nokon hadde ansvar for å laga til løypa på sjølve dagen, andre skulle laga diplom, medan nokon kjøpte inn brus. 

Også politiet i Årdal og Årdal Tenk Tryggleik deltok på sykkeldagen. Dei deler ut hjelmar til elevane, og dessutan tar politiet ein sjekk på syklane deira for å sjekke at alt er i orden.

Til toppen