SPESIELL HISTORIE: Denne veka vert Vesle Sokni bru sett opp i Galdane, og i likskap med «storesøstra» som vert sett opp i fjor, har ho ei heilt spesiell historie. Foto: Jan Adriansen.
SPESIELL HISTORIE: Denne veka vert Vesle Sokni bru sett opp i Galdane, og i likskap med «storesøstra» som vert sett opp i fjor, har ho ei heilt spesiell historie. Foto: Jan Adriansen.

Denne brua har ei heilt spesiell historie

I desse dagar vert ei rekonstruert bru oppført på Kongevegen i Galdane, og brua har ei heilt spesiell historie.

Galdane: Då Kongevegen vart bygd på 1700-talet, vart soldatar og bønder utkommandert til å gjere jobben. Sjølve vegen var det ikkje så farleg med, men bruene måtte vere god standard på.

Difor vart bruene i Galdane sendt ut på anbud, slik ein gjer i dag. Men det var ingen som ville ta jobben. Ein veit ikkje kvifor, men til slutt klarte dei å overtale smeden på veganlegget til å byggja bruene.

– Dei første bruene på Kongevegen vart altså bygd av smeden. Det viste seg at han faktisk var husmann på garden til han som var byggjeleiar. Difor kjende dei kvarandre frå før, byrjar Jan Adriansen.

Spesiell historie

Han er prosjektleiar for restaureringa av Kongevegen. Dei siste åra har det blitt lagt ned eit enormt arbeid for å ta vare på viktig norsk veghistorie mellom Lærdalsøyri og Vang. Adriansen held fram:

– Eg har fulgt han smeden seinare, og det viser seg at han har bygd fleire bruer etter desse to, så dette var truleg det første prosjektet hans. Smeden var ein av dei viktigaste personane fordi han kunne fikse redskapar og lage nye. På bruene er det boltar, så ein smed er viktig og dyr. Men sidan han var smed og kunne lage brua samstundes, gjekk han i overskot. Seinare ser me at han ikkje var husmann lenger, men fekk seg gard, fortel Adriansen. 

Artikkelen held fram under biletet.

ENTUSIASME: Jan Adriansen fortel med stor entusiasme korleis historie dei to bruene i Galdane har.
ENTUSIASME: Jan Adriansen fortel med stor entusiasme korleis historie dei to bruene i Galdane har.

Detaljar

Prosjektleiarens entusiasme let seg enkelt smitte av. Gjennom restaureringa av vegen er det kome fram mykje viktig veghistorie, som har stor nasjonal verdi. Eit døme er bruene i Galdane, som er bygd etter Generalveimester Hammer sin instruks i kombinasjon med brufolk i Vegvesenet i dag. Hammer var oppteken av detaljar.

– På kvar av hjørnestolpane skal det stå informasjon som årstal, kven som har laga brua, namn og kongen sitt monogram. Me har faktisk fått løyve av slottet til å nytte monogrammet på bruene, seier Adriansen.

Bruene var eit like viktig byggverk den gongen som i dag, og det ligg sjel i restaureringsarbeidet som no pågår. I fjor kom Store Sokni bru på plass. Ved hjelp av helikopter har ein no fjerna den gamle Vesle Sokni bru. Etter planen skal den nye rekonstruksjonen frå 1794 stå klar onsdag.

Artikkelen held fram under biletet.

REKONSTRUKSJON: Bruene er ein rekonstruksjon av dei som vart sett opp i 1794. Materialet vart floge inn med helikopter.
REKONSTRUKSJON: Bruene er ein rekonstruksjon av dei som vart sett opp i 1794. Materialet vart floge inn med helikopter.

– Eg kan sjå av sosiale medium at folk kjem for å sjå brua. Folk skryt veldig av ho og at ho er fantastisk flott, seier Adriansen om tilbakemeldingane dei har fått for den andre brua som har stått i eit år allereie.

Enorm innsats som er lagt ned

Galdane er ein av dei mest spesielle strekningane på den ti mil lange turvegen. Difor er det ekstra viktig at ein bevarar minna og skapar grobotn for ny aktivitet.

I området rundt Galdane finn ein restar etter fleire vegar som ein ikkje veit kor gamle er. 

– Kongevegen vert rekna som eit av dei viktigaste veghistoriske kulturminna i Noreg. For nokre år sidan oppdaga me at forfallet var kome så langt at dersom me ikkje gjorde noko drastisk, ville kulturminnet forsvinne. Me ville ikkje berre fikse det slik at det blir godt nok, men gjere det historisk riktig. Det har ikkje skjedd i Noreg før at det er lagt ned ein så stor innsats. 

Til toppen