KOLLAPSA: Her er brygga som kollapsa du følgjet skulle ombord i båten. Foto: Porten-tipsar
KOLLAPSA: Her er brygga som kollapsa du følgjet skulle ombord i båten. Foto: Porten-tipsar

Denne brygga kollapsa – seks personar fall i sjøen, ein sendt til sjukehus

Personane kom seg på land att og alle er gjort greie for. Ein person er sendt til sjukehus

Aurland: Politiet twitrar rett før klokka 14 at ei brygge har kollapsa i Gudvangen og at fleire personar fall i sjøen. Vidare at naudetatane er på staden.

Operasjonsleiar Marianne Føleide på operasjonssentralen i Florø fortel rett over klokka 14 at dei som fall i sjøen er komne vel på land att

– Nokre personar har vore i sjøen og dei er komne på land. Dei ser tilsynelatande uskadde ut, så det ser ut til å ha gått bra med alle. No jobbar mannskapet med å forsikra seg om at ingen personar er sakna.

– Korleis skjedde dette?

– Det er snakk om ei brygge tilhøyrande kommunen, og den kollapsa då folk skulle gå ombord i ein båt.

Politiet skriv vidare i ei twittermelding klokka 1415 at ulukka skjedde då ei stor turistgruppe skulle gå om bord i ein båt som går mellom Gudvangen og Flåm.

Eit par minuttar seinare skriv politiet at dei som fall i sjøen var i ei gruppe på 174 personar, og at alle desse er gjort greie for. Søket vart såleis avslutta.

Klokka 1430 skriv politiet at det var seks personar som var i sjøen og at desse har fått tilsyn av helsepersonell på staden.

Klokka 1518 kjem politiet med ei korrigering på Twitter; det var snakk om 177 personar i følgjet, altså tre fleire enn først opplyst. Vidare står det i meldinga at ein av personane som hamna i sjøen er sendt til sjukehus.

Til toppen