TYPISK: Som ein ser av biletet heng slevet frå kjeften på denne reinsbukken, som vart observert i førre veke av mannskap i Filefjell reinlag i søraustre del av Nordfjella villreinområde. Den går også med senka hovud og hadde elles fleire av symptoma typisk for skrantesjuke. Reinlaget har no fått løyve til å avliva villrein med slike symptom i villreinområdet. Foto: Runar Bjøberg
TYPISK: Som ein ser av biletet heng slevet frå kjeften på denne reinsbukken, som vart observert i førre veke av mannskap i Filefjell reinlag i søraustre del av Nordfjella villreinområde. Den går også med senka hovud og hadde elles fleire av symptoma typisk for skrantesjuke. Reinlaget har no fått løyve til å avliva villrein med slike symptom i villreinområdet. Foto: Runar Bjøberg (Foto: Arkiv)

Denne bukken har symptom som er typisk for skrantesjuke

Førre veke vart ein medteken reinsbukk observert i Nordfjella. Det har ikkje lukkast å finna att bukken, men no har Miljødirektoratet gitt Filefjell Reinslag løyve til å avliva dyr med symptom på skrantesjuke.  

Lærdal/Aurland: «I januar 2017 ble en nærgående og tilsynelatende syk villrein observert av Filefjell Reinlag i villreinområdet. Slike enkeltdyr kan være vanskelig å gjenfinne i etterkant, og det er derfor ønskelig at de avlives ved anledning», står det i eit brev til Filefjell Reinlag ANS frå Miljødirektoratet.

Bukken vart prøvd funnen att dagane etter observasjonen, utan at dette har lukkast. Reinlaget har tidlegare fått løyve til å avliva enkeltdyr som kryssar rv. 52 frå villreinområdet Nordfjella inn i tamreinområdet, og til å jaga villrein som har er på veg til å kryssa inn i eller alt har kome over på tamreinområdet.

Dette er symptoma

«Vedtaket inneholdt imidlertid ikke en tillatelse til å avlive villrein i villreinområdet (..) For å redusere smitterisiko har Miljødirektoratet fattet vedtak om at Filefjell Reinlag kan avlive villrein med symptomer på skrantesjuke i Nordfjella villreinområde», står det i vedtaket.

Samstundes blir folk som ferdast i skogen og til fjells sterkt oppmoda om å melda frå dersom dei ser rein, hjort eller elg som oppfører seg unormalt. 

Les også: Finn du slike må du melda frå

Veterinærinstituttet sine nettsider står følgjande om symptom på skrantesjuke hjå hjortevilt: «Vekttap og endret oppførsel som utvikles over uker og måneder. I tillegg kan det observeres sikling, ukoordinerte bevegelser, repeterende bevegelsesmønstre, hodeskjelvinger, skjæring av tenner og senket hode. Ukoordinerte bevegelser og skjelvinger er mindre fremtredende enn ved skrapesjuke hos sau.

Pelsen kan bli tørr og bustet, men kløe er ikke vanlig. Seint i sjukdomsforløpet kan dyra sikle, drikke og urinere mye, og vise tydelige nevrologiske symptomer.»

Miljødirektoratet påpeikar at løyvet Reinlaget får i utgangspunktet varar ut 2017 og gir avgrensa mynde:

«Tillatelsen gjelder i forbindelse med reinlagets overvåking i nærheten av rv. 52, og gjelder villrein som er syk eller viser en unormal oppførsel som tyder på at dyret kan ha skrantesjuke.

Til toppen