VETLABUI: Her kan folk kjøpa saft, syltetøy, og diverse økoligske varer.
VETLABUI: Her kan folk kjøpa saft, syltetøy, og diverse økoligske varer. (Foto: Linda Watten)

Denne butikken langs Sognefjorden er mogleg den minste i verda

Har du køyrd langs sørsida av Lustrafjorden mot Urnes har du kanskje lagt merke til den vesle butikken langs vegen i Kroken.

Luster: – Det er kanskje andre som har latt seg inspirera av denne typen minibutikk, men den var antakelegvis fyrst av sitt slag på slutten av 90-talet, seier Anne Lise Hovland Haukadal. 

Ho er eigar av både butikken "Vetlabui" og bedrifta Kroken Frukt og Bær i Kroken på sørsida av Lustrafjorden. 

Kroken Frukt og Bær 

– Eg starta Kroken Frukt og Bær i 1996. Det heile byrja med at det låg ein del eple i Kroken som ikkje blei plukka, og eg tykte det var for gale å kasta dei. 

Då ho tok turen på Haustmarknad i Sogndal det året såg ho nokon som demostrerte ei eplepressa. 

– Eg fann ut at ei sånn skal eg ha, så då kjøpte eg kvern og pressa til å laga eplejuice. Slik starta det. 

Eit år ville ikkje Luster Grønt på Høyheimsvik fryse ned økologiske bringebær, så då byrja Haukadal å pressa bringebær i tillegg.

– Sidan har det berre balla på seg, seier ho. 

Vetlabui 

I dag produserar ho saft og syltetøy i alle variantar, samt både vanlege og økologiske produkt. 

– Eg lagar saft av både bringebær, jordbær, rips, plommer, og alt eg får tak i i området kring her. 

BLID DAME: Anne Lise Hovland Haukadal i Kroken der det bugnar av frukt og bær. Foto: Arkiv

Firmaet har ho drive aleina heilt sidan oppstarten på 90-talet, og nokre år etter ho byrja for fullt sette ho opp den vetle butikken som har fått namnet Vetlabui. 

– Det er vel den tredje butikken som står der no, seier Haukadal.

Vetlabui bugnar av både syltetøy, juice, saft, og andre produkt frå garden hennar. Den er sjølvbetjent, og mange turistar stoppar for å handle der gjennom sommaren.

– Det går faktisk utruleg fint, og det er ikkje mykje svinn der. Dei betalar både med dollar og euro, samt nokre lappar eg ikkje veit kvar kjem frå, seier Haukadal og ler. 

Til glede for turistar langs fjorden

Ho stadfestar at turistar tykkjer det er stas med ein liten butikk heilt nede ved fjorden.

NØGD: Siri Klokk Austnes, frå Ålesund, stoppa i Kroken for å kjøpa med saft heim til familien på hytta i Fjærland. Foto: Linda Watten

– Dei tykkjer nok det er litt utruleg, og det er svært mange som stoppar og tek bilete. Dei tykkjer og det er rart at det går an å ha det slik, at folk ikkje stel alt saman. Så er det òg mange som kjem med båt over frå andre sida av fjorden for å handla litt. 

Siri Klokk Austnes har hytte i Fjærland, og i sommar tok ho turen til Sørsida og stoppa på Vetlabui for handel. 

– Det er verdas koslegaste, vetle butikk. Eg er veldig fan av lokalprodusert mat, og elska den kulturen der me stolar på kvarandre ved å berre forsyna oss slik, og betala etterpå.

Ein bransje med konstant vekst 

Etter handelen tok Austnes med saft og syltetøy heim til familien i Fjærland.

– Eg er veldig nøgd med det me kjøpte, og glad for at eg stoppa der. Eg skulle gjerne kjøpt meir saft, for den forsvann fort når eg kom heim, seier Austnes. 

Haukadal set pris på dei som handlar på Vetlabui, og seier bransjen er grei å vera i. 

– Det har jo vore vekst heile tida, eigentleg utan at eg har jobba så mykje for det. Det er både lokale folk med hytte her, og turistar som handlar. Mange tek og turen med båt over frå andre sida av fjorden.

Til toppen