Gaupne: Dorothea (34) og Jörg Eberhardt (41) frå Lauteerbach i det austlege Tyskland har i haust smoge seg att og fram i «wunderschöne Norwegen.»

Her om dagen var det lustringane sin tur til å få hakeslepp då doningen kom durande innover fylkesveg 55. Då den stoppa på utkøyrsla i Råumberget var det mange som kom bortom for å ta vidunderet i nærare augesyn. Ikkje få let seg imponere av den sekssylindra fordmotoren på 164 hestekrefter.
Bilen vart bygd for tre år sidan av ein entusiast i England. Jörg Eberhardt importerte bilen, fann fram verktøyskrinet og overtok mekkinga.
No er ekteparet med i Dutton Club, ein austtysk klubb for folk med eigenkonstruerte bilar. Om Norge hadde dei berre godord, men folket her er visst særs nysgjerrige. Kanskje ikkje så merkeleg, når ein fer rundt på norske landevegar i ein slik «spezielles Auto».
