OPTIMISTAR: Jomar Haukås i Sognefjorden Utvikling og Rolf Navarsete, styreformann i skisenteret, trur vi berre har sett starten på utviklingseventyret i Hodlekve.
OPTIMISTAR: Jomar Haukås i Sognefjorden Utvikling og Rolf Navarsete, styreformann i skisenteret, trur vi berre har sett starten på utviklingseventyret i Hodlekve. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Denne duoen har ubegrensa tru på Hodlekve

– Her er enormt stort potensiale. Dette er Campus nummer to for Sogndal og vil bli minst like stort i investeringar og betydning for området, seier ein av hovudarkitektane bak originalen, Fosshaugane Campus.

Sogndal: Sidan starten i 2012 har det blitt selt rundt nitti tomter i Hodlekve og eit femtitals hytter har kome opp. Dei samla investeringane utgjer 350 millionar, seier Jomar Haukås i Sognefjorden Utvikling, som har større tru enn nokon gong på prosjektet.

– Det var litt Hawaii her i starten når vi skulle få det i gang og alt kokte. Eg følte meg litt som Asbjørnsen og Moe som skulle love gull og grøne skogar. Men no står hyttene her. No har me lukkast, seier han.

VEKS FRAM: Snart er det regulert for 550 tomter i Hodlekve. Omtrent femti hytter er allereie bygde.
VEKS FRAM: Snart er det regulert for 550 tomter i Hodlekve. Omtrent femti hytter er allereie bygde. Bilde: Håvard Nesbø/Sogndal skisenter

Realiserte hyttedraumen i Hodlekve

I helga var det ope dag i Hodlekve. Her fekk eit femtitals oppmøtte informasjon om framtidsvyane for skitrekket og ein guida tur i hyttefeltet. Stolte hytteeigarar var meir enn villige til å la folk få ein kikk.

– Det var 60-årspresang til ho, seier Dag Skram med latter i stemma og nikkar i retning kona, Birgit. 

HYTTEFOLK: Dag Skram og Birgit Weel Skram var blant dei stolte hytteeigarane som opna dørene sine for skuelystne i helga.
HYTTEFOLK: Dag Skram og Birgit Weel Skram var blant dei stolte hytteeigarane som opna dørene sine for skuelystne i helga. Foto: Halvor Farsund Storvik

Hytta stod ferdig i mars.

– Det er jo her vi har gått på ski i alle år, seier Birgit Weel Skram.

Begge har tru på at Hodlekve kan vekse enno meir enn det har gjort til no, både i talet hytter og skitrekk.

– Det kjem til å skje mykje her, for vi har jo så mykje snø om vinteren, seier Weel Skram.

Dag Skram er samstundes oppteken av å ta vare på dei kvalitetane som har gjort plassen populær. Han vil ikkje at det skal vere ein skog av hytter som møter deg, slik han meiner tilfellet er på Myrkdalen i Voss.

– Eg synst dei har gjort mykje bra her, med tanke på korleis hyttene ligg. Her er dei litt meir diskret plasserte, seier han.

– Campus nummer to

Kjøpmannen Rolf Navarsete var i si tid ein av hovudarkitektane bak Campus på Fosshaugane. No har han engasjert seg i utviklinga av Hodlekve som styreformann i skisenteret. Han trur potensialet er enormt, noko han har meint i mange år.

– Dette er Campus nummer to for Sogndal og det vil bli minst like stort i investeringar og betydning for området, seier han.

Navarsete seier det er vesentleg for deira utvikling at hyttesalet går bra og at samarbeidet med grunneigarane og utviklarane fungerer. Skal dei greie det umoglege ein gong til må alle dra i same retning.

– Campus er bygd på bygdeentusiasme, folk som har gått saman om noko dei tykte var moro å vera med på. Sjølv om det er investert for snart to milliardar der, er det ekstremt mykje gratisarbeid som ligg bak, spesielt på utvikling og tankestadiet. Det same er det som skjer her, seier Navarsete.

OPEN DAG: Per Odd Grevsnes, dagleg leiar for Sogndal skisenter, informerer om framtidsvyane på den opne dagen.
OPEN DAG: Per Odd Grevsnes, dagleg leiar for Sogndal skisenter, informerer om framtidsvyane på den opne dagen. Foto: Halvor Farsund Storvik
Til toppen