Sogn: Talet sjukemeldingar forårsaka av koronaviruset er på veg ned i Vestland fylke. Det melder NAV i ei pressemelding torsdag.
I mars vart til saman rett over 4000 personar sjukemelde på grunn av viruset. Toppen var nådd i midten av månaden med kring 1000 personar. Frå 24. mars og utover er det svært få registrerte sjukemeldingar.
– Det er grunn til å tru at alle tiltaka som er sett i verk har effekt på smittespreiinga, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, i pressemeldinga.
NAV-direktøren presiserer at tala først og fremst seier noko om utviklinga, ikkje det nøyaktige nivået dag for dag. Årsaka er at det kan vera mørketal som ikkje er fanga opp i statistikken.
Likevel gler Bogsnes seg over dei oppløftande tala når me no går inn i påskeveka.
– Me er alle svært spente på korleis dette vil utvikla seg vidare, seier ho.