EIN GARASJE TIL BESVÆR: Dette garasjebyggjet, med tilhøyrande naustkjellar, parkeringsplassar og strandlinje, må vike for fjordstien, den saka er avgjort. Men erstatningsutmålinga kan hamne i Høgsterett. Foto: arkiv.
EIN GARASJE TIL BESVÆR: Dette garasjebyggjet, med tilhøyrande naustkjellar, parkeringsplassar og strandlinje, må vike for fjordstien, den saka er avgjort. Men erstatningsutmålinga kan hamne i Høgsterett. Foto: arkiv.

Denne garasjen kan bli mat for Høgsterett​

Advokat meiner fjordstidommen i Gulating lagmannsrett strir med Grunnlova.

TEK SAKA TIL HØGSTERETT: Advokat Jens Stedje Røegh meiner Gulating lagmannsrett var i strid med Grunnlova når dei vurderte erstatninga for bygginga av fjordstien.
TEK SAKA TIL HØGSTERETT: Advokat Jens Stedje Røegh meiner Gulating lagmannsrett var i strid med Grunnlova når dei vurderte erstatninga for bygginga av fjordstien.

Sogndal: Lagmannsretten slo i sommar fast at garasjehuset på biletet kan rivast for å gje plass til vidareføring av fjordstien i Sogndal.

For det skulle eigaren Sigrun Stedje få tre millionar i erstatning.

Den avgjerda vil advokaten hennar, Jens Stedje Røegh, no ta heilt til topps i det norske rettssystemet.

– Ser du på summen ho er tilkjent, så er det klart at dette ikkje er full erstatning. Det er heller ikkje grunngjeve på ein tilfredstillande måte, seier han.

Les også: Grunneigarane får millionar mindre i erstatning for Fjordstien
Les også: Fjordhotellet mister strandlinja, men får lite attende

Strir med Grunnlova

Konkret meiner advokaten at skjønet frå lagmannsretten ikkje stettar paragraf 105 i Grunnlova, ein paragraf med følgjande ordlyd:

«Fordrer Statens Tarv, at Nogen maa afgive sin rørlige eller urørlige Eiendom til offentlig Brug, saa bør han have fuld Erstatning af Statskassen.»

– Der går det fram at når du blir utsett for eit tvangsinngrep, i dette tilfellet at nokon tek eigedomen frå deg, så har du ikkje berre krav på erstatning, men full erstatning, seier Røegh.

Les også: Bli med langs den nye fjordstien

Det er ikkje berre summen han reagerer på, altså 3 millionar i skjønet mot dei 4,6 millionane deira eigen takstmann kom fram til. Kjernepunktet i anken er at lagmannsretten ikkje spesifiserer kva det er gitt erstatning for.

Garasjen fungerer som lager, den har ein naustkjellar og fleire tilhøyrande parkeringsplassar til utleige, samt ei strandlinje på 70 meter. Men skjønet seier ingenting om korleis lagmannsretten har verdsett desse ulike momenta.

– Av rettstryggleiksmessige grunnar er det viktig at ho veit kva som er erstatta og med kva slags beløp. Korleis kan min klient vite om ho har fått full erstatning når det ikkje er spesifisert i det heile tatt, seier Røegh, som meiner dette er ein klar feil i sakshandsaminga.

Ordføraren let seg ikkje stresse

Kommunen sende sitt tilsvar til anken førre fredag. Der argumenterer dei i grove trekk for at lagmannsretten ikkje har gjort noko feil.

VIL IKKJE FØREGRIPA: Ordførar Jarle Aarvoll avventar no ei eventuell avgjerda i Høgsterett.
VIL IKKJE FØREGRIPA: Ordførar Jarle Aarvoll avventar no ei eventuell avgjerda i Høgsterett.

Det Høgsterett no skal vurdere er om sakshandsaminga og rettsanvendinga til lagmannsretten er riktig. Dei tek derimot ikkje stilling til om erstatninga er rett.

I Høgsterett kan anken få to moglege utfall. Det eine er at dei tek anken til følgje. I så fall går saka attende til ny vurdering i lagmannsretten. Det andre alternativet er at Høgsterett ikkje handsamar saka i det heile. I så fall blir skjønet frå lagmannsretten ståande.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, seier anken no må få gå sitt løp.

– Me kan ikkje føregripa noko før det rettslege er avklara. I utgangspunktet vil det ikkje ha nokon innvirknad, men det endelege svaret på utbetalinga vil vi få når anken er handsama, seier han.

Til toppen