TESTVINNAR: Denne ølen frå Ægir vart kåra til årets sommarøl av nettsida ølportalen.no. Foto: Ægir Bryggeri.
TESTVINNAR: Denne ølen frå Ægir vart kåra til årets sommarøl av nettsida ølportalen.no. Foto: Ægir Bryggeri. (Bilde: Ægir Bryggeri)

Denne gjekk heilt til topps i kåring av årets sommarøl

To sogningar på pallen.

Aurland/Leikanger: Nettsida ølportalen.no har testa ein rekkje øltypar med polstyrke for å finne den beste sommardrikken i 2017. Øvst tronar ein kveiteøl frå Flåm.

– Klart det er veldig kjekt. Konkurransen i vår bransje har etter kvart blitt ganske stor, så å komme på topp er eit flott bevis på at vi framleis gjer dei rette tinga, seier bryggerisjef Evin Lewis i Ægir.

– Slike kåringar viktige 

Han seier slike kåringar har mykje å seie for omdømet, sjølv om det sjølvsagt er avhengig av kor mange som les ho. At to sognaøl greier pallplass tek han som eit godt teikn.

– Det må bety at bryggeria i Sogn er flinke til å lage øl. Gjer ikkje det det?, spør han retorisk.

Også Øystein Meland frå Balder Brygg gler seg over den gode plasseringa.

– Det er avgrensa kva vi kan gjera for å profilera og marknadsføra produkta våre. Då er slike kåringar viktige for å få vist fram kvaliteten på det vi lagar. Så dette er vi veldig nøgde med, seier han.

NØGD: Alkohollova gjer det vanskeleg for bryggeria å profilere seg. Difor betyr slike kåringar mykje, seier Øystein Meland i Balder Brygg frå Leikanger.
NØGD: Alkohollova gjer det vanskeleg for bryggeria å profilere seg. Difor betyr slike kåringar mykje, seier Øystein Meland i Balder Brygg frå Leikanger. Foto: Halvor Farsund Storvik

Bør vere meir enn lettdrikkeleg

Bryggeriet frå Leikanger profilerer seg som ein representant for den vestnorske ølkulturen, som ifølgje Meland har fleire par tusen år historie bak seg.

– Slik sett synst eg det er fantastisk at resten av landet òg set pris på det bryggeria her inne i fjordande har å by på. Det er imponerande, seier han.

Kollegaen i Aurland meiner ein god sommarøl bør vere lettdrikkeleg, forfriskande, men òg smaksrik. Det siste meiner testpanelet dei òg har lukkast med.

– Ideen om å ta ein lett øl og gjere han enno lettare, for så å kalle han sommarøl, det er ikkje oss, seier Lewis.

Til toppen