Sogndal: Høgskulen, Helse Førde og helsegruppa i regionrådet vart fredag samde om å starta opp ei sjukepleiar-utdanning i Sogn. Studia vil gå over fire år og vil bestå av samlingar og praksis på sjukehuset i Lærdal og i kommunane.
– Kommunane har allereie i dag ei utfordring med å tilsetta nok sjukepleiarar, seier Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal og leiar i Sogn regionråd.
Siste hinder
Inntil 20 sjukepleiarar vil bli utdanna kvart år, og studentane vil få ein bachelor når dei er ferdige. Høgskulen på Vestlandet er ansvarleg for utdanninga.
– Kommunane våre treng fleire varme hender og kloke hovud i omsorga i tida som kjem. Kampen om arbeidstakarane gjer at me må tenka nytt for å sikra at me kan tilby innbyggjarane våre dei tenestene dei fortener seier ordførar Arild Ingar Lægreid i Årdal.
Det er venta at utdanningsløpet startar opp hausten 2021.
– Jobben no er å forsera dei hindra som ligg i vegen for å etablera denne utdanninga så fort som råd, seier Solheim.
– At stadig fleire vert eldre og at me er i stand til å behandla meir komplekse og samansette diagnosar gjer at kommunane må rusta seg for framtida, seier leikangerordførar Jon Håkon Odd.