SUVERENE: Det var ingen som kunne stoppa Kaupanger-laget.
SUVERENE: Det var ingen som kunne stoppa Kaupanger-laget.

Denne gjengen feia over all motstand i KM

Seks sigrar, null baklengs og 18 skåra mål.  J19-laget til Kaupanger fekk lett match under KM på Sandane i helga.

Sandane: – Me var var solide i alle kampane, og slapp ikkje inne eit einaste mål. Spelarane følgte planen til punkt og prikke, alle spelte mykje og me hadde ei kjekk oppleving, seier trenar Øystein Lindesteg Rinde, som òg er trenar for A-laget til Kaupanger.

Alle spelarane som var med J19-laget til Sandane er ein del av A-lagstroppen. Trenaren er difor ikkje overraska over at dei skulle bli så suverene.

– Det var forskjell og det skal vera forskjell. Me skal vera dei beste i fylket, sjølv om du aldri er sikker når du spelar innandørs og kampane varer 13 minutt, seier Lindesteg Rinde.

Med to spelarar med landskampar under beltet i Miriam Mjåset og Ingrid Jåstad, var det i grunn rått parti.

– Det var ein bra gjeng me hadde med oss. Me har ein god keeper i tillegg, så den eine sjansen mostandaren kanskje fekk, den plukka ho lett, seier trenaren.

– Kor kjekt er det å vinna, når de blir så suverene?

– For spenninga sin del, så kunne det ha vore kjekkare å spela kampar som betyr meir. Samtidig så er det kjekt å få stadfesta at me er eit godt fotballag. Me skal ikkje klaga på at me vinn, seier Lindesteg Rinde.

Han trekker spesielt fram innsatsen til kaptein Stine Gjerde.

– Ho gjekk føre i duellspelet, viser at ho verkeleg vil vinna og det smittar, seier trenaren.

Til toppen