Sogndal: – Kvifor kan ikkje dei klatre? Klart dei kan klatre!, seier Morten Andrè Tryti og skildrar aha-opplevinga han fekk då han kom over ei annonse i eit klatreblad. Den handla om at Norges klatreforbund for første gong skulle arrangere klatrekonkurranse for personar med nedsett funksjonsevne.

– Eg tenkte, «dette må vi prøve», seier Tryti, som ellers er ansvarleg for barne- og ungdomsklatringa i Sogndal klatreklubb.
Les også: Her kjem dei med gåver til barna på legesenteret
Som sagt, så gjort. Før helga fekk eit knippe temmeleg ferske klatrarar prøve seg i veggen i Sognahallen. Ein av dei var Roger Torsvik frå Balestrand.
– Eg synst det er veldig artig og gøy å klatre. Eg kom meg eit stykke oppi, seier Torsvik og legg til at han gjerne kjem att viss det blir fleire slike klatredagar.
Ambisjonen til dei som står bak lover i allefall godt for at han får ønsket oppfylt.
– Det er andre klubbar i Norge som har faste månadlege klatredagar for personar med nedsett funksjonsevne. Eg tenkte vi skulle prøve dette no og sjå korleis det går. Det er absolutt noko eg har tenkt vi kan vidareføre, seier Tryti.
Han meiner klatring er den perfekte aktiviteten for å sprenge grenser, uansett bakgrunn og føresetnader:
– Klatring fører til mestring og du får trua på seg sjølv: «dette klarer eg!».
