MEDLEMMANE AV VERDSARVRÅDET: Audun Mo (t.v) , Eva Hove, Trygve Skjerdal, Marta Sofie Vange, Hans-Erik Ringkjøb, Natalia Golis og Kjell Kvingedal.
MEDLEMMANE AV VERDSARVRÅDET: Audun Mo (t.v) , Eva Hove, Trygve Skjerdal, Marta Sofie Vange, Hans-Erik Ringkjøb, Natalia Golis og Kjell Kvingedal. (Foto: Vestland Fylkeskommune)

Denne gjengen forvaltar Nærøyfjorden: – Mange moglegheiter

Desse politikarane frå Indre Sogn er med i verdsarvsrådet: Trygve Skjerdal, Marta Sofie Vange og Audun Mo.

Indre Sogn: Nærøyfjorden har no vore ein del av Unesco si ærverdige versarvliste i 15 år. Kvart fjerde år vert det vald nye personar inn i verdsarvsrådet, som jobbar for å ta vare på og fremja nærøyområdet i Aurland og Geirangerfjorden.

Frå Indre Sogn er desse politikarane med i det nyvalde rådet: ordførar Trygve Skjerdal i Aurland, varaordførar Marta Sofie Vange i Vik og ordførar Audun Mo i Lærdal.

Jobbar for verdiskaping og sysselsetting

Fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune, Natalia Golis, er ein av dei åtte politikarane som no jobbar for å forvalta dei unike områda. Ho beskriv det som eit stort ansvar, men ser fram til å jobba for verdiskaping og sysselsetting. 

Dette er nye dei nye medlemmane av rådet

Leiar er Tryge Skjerdal, ordførar i Aurland kommune

Nestleiar er Eva Hove, ordførar i Fjord kommune

Natalia Golis, fylkesvaraordførar i Vestland fylkeskommune

Tove-Lise Torve, fylkesordførar i Møre og Romsdal

Hans-Erik Ringkjøb, ordførar i Voss herad

Marta Sofie Vange, varaordførar i Vik kommune

Audun Mo, ordførar i Lærdal kommune

Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kommune

– Å stå på ei slik liste forpliktar, men gir og mange utsikter, seier ho fylkesvaraordføraren i ei pressemelding. 

Nytt regelverk for skipsfarten i verdsarvfjordane, fellesgodefinansiering og kulturlandskapet er saker verdsarsvrådet har jobba med over lang tid. 

– Dette er saker som betyr mykje for utviklinga av området og for ivaretaking av verdsarvverdiane, seier fylkesvaraordføraren.

Politikarane vedtok òg ein uttale der dei ber om at Stortinget sitt vedtak om nullutslipp for skipsfart i verdsarvområde innan 2026 blir halde fast ved.

Til toppen