Lærdal: Av 92 påmeldte klassar i Sogn og Fjordane, vann mellomtrinnet på Borgund skule Nasjonalforeningen for folkehelsen sin årlege hoppetaukonkurranse.

Denne gjengen frå Borgund er fylkesmeistarar i å hoppa tau
Dei ni elevane på mellomtrinnet på Borgund skule hoppa seg til siger i konkurransen «hopp for hjertet» og vann 2000 kroner.