Lærdal: – Eg må jo koma heim att til Kom Heimatt, det er like kjekt kvart år. Eg kosar meg, seier lærdøl Aurora Lysne, som til dagleg bur i Bergen.
Ho og heile laget hennar hadde nettopp hamna i Lærdalselvi etter eit mislukka forsøk på å balansera over. Då ein først ramla, følgde resten kjapt etter.
Elvekryssinga var ein av postane på årets store happening, bilrebusen under Kom Heimatt-festivalen. Målet var å koma raskast mogleg over. Tida vart stoppa då sistemann på laget slo i bjølla på motsett side.
– Me tok dette som siste post, for me hadde ikkje heilt trua på at me kom oss over. Og det viste esg å vera heilt rett, seier Lysne.

- Les òg: Endeleg får dei eldre her lokale smakar på menyen
- Les òg: Bogdan får nøkkelrolle i to lokale verksemder
Knekte koden
Deltakarane kunne velga sjølve om dei ville svømma, eller forsøka å ta seg tørrskodd over. Dei raskaste laga valde å splitta laget i to og gjera begge deler.
Nokre få hadde òg knekt balansekoden.
– Du måtte berre ta sats og springa. Og så må du ha eit par styrepils innbabords. Då går det bra, seier Sindre Brugrand Hauge.

Sommarens høgdepunkt
Utkledd som han var i heildekkande ulvedrakt representerte han eitt av mange fargerike innslag denne dagen.
– Det er badedrakta då. Eg må ha noko å svømma i, seier Hauge.
For han er Kom Heimatt høgdepunktet om sommaren.
– Det er kjekt å komma heim, møta gamle kjensfolk, og ta med nye kjentsfolk og introdusera dei for Lærdal. Vera ein god ambassør for bygda, det er viktig, seier Hauge.