SERIEMEISTER: Lærdal sitt jente 13/14-lag gjekk heile vegen til topps. Bak frå venstre: Ole Petter Holmen, Ragnhild Fossen Bolstad, Anna Stundal Skjerping, Trine Trulssen, Mathilde Grøttebø, Anna Hjellum, Hanne Helland, Dag Arne Helland. Framme frå venstre: Line Evjestad Bale, Kamilla Holmen, Hanna Simonsen Ljøsne, Marte Njåstad Nordanger, Emilie Helland. Janniche Bjørkum Stølen var ikkje med då bildet vart tatt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Denne gjengen gjekk heilt til topps og vann serien

Det gror godt i dei yngre rekkene til Lærdal IL. 

Lærdal: Tidlegare har Porten.no skrive om jente 11-laget til Lærdal IL som ikkje tapte ein einaste fotballkamp av dei 20 dei spelte denne sesongen. 

Prestasjonen til J13/14-laget er nesten like god, men sjølv om dei tapte eit par kampar, kan dei likevel juble for ein førsteplass denne sesongen. 

– Det har gått veldig bra. Det byrja med tre strake sigrar. I vårsesongen tapte med éin kamp, medan i haustsesongen tapte me éin og spelte uavgjort i éin, men elles har me kjempa i toppen heile sesongen, fortel trenar Dag Arne Helland, som skryt veldig av jentene.

Fekk hjelp frå naboane

Jentelaget vann med eitt fattig poeng, og dét takka vere hjelp frå naboane på andre sida av Lærdalstunnelen. I den siste runden måtte Lærdal vinne, medan Bjørn måtte tape for Aurland. 

– Våre jenter gjorde jobben mot ÅTIL, medan Aurland slo Bjørn, så der fekk med god hjelp frå naboane, smiler Helland, som trenar laget saman med Ole Petter Holmen. 

Dei to har trent laget heilt sidan spelarane var sju år gamle. Det, og at det har vore stort sett dei same jentene på laget heile vegen, meiner dei to er ei viktig årsak til at det har gått så bra. Samhald meiner dei har vore nøkkelen.

Samhald i laget

– Me har bygd laget på samhald, og så har resultata kome etter kvart. Dei som har vore gode på laget har tatt med seg ein andre, og det har løfta laget, seier Helland. 

– Det er eit sterkt lag, der det ikkje er enkeltprestasjonar som avgjer kampane. Alt fungerer, og det er ein fin gjeng. Me har dei beste jentene, men også dei beste foreldra. Dei er alltid positive og stiller opp og fortener den rosen dei kan få.

No skal dei to trenarane styre laget i eit par år til før jentene er går ut av det aldersfastlagde systemet. Per i dag finst det ikkje eit damelag i Lærdal, men dei håpar at dette potensielt kan bli nettopp det om nokre år. 

Til toppen