GODE RESULTAT: IL Jotun deltok med 17 utøvarar på årets Vikjastafett og stemne i Vik denne helga. Foto: Privat.
GODE RESULTAT: IL Jotun deltok med 17 utøvarar på årets Vikjastafett og stemne i Vik denne helga. Foto: Privat.

Denne gjengen gjorde det skarpt i Vik

IL Jotun hadde med seg 17 friidrettsutøvarar til Vik i helga. 

Vik/Årdal: Merete Moen i friidrettsgruppa i idrettslaget fortel at dei også hadde eit gutelag med på stafetten under årets Vikjastafett og stemne.

STAFETT: Jotun deltok med eige stafettlag som tok ein pen 2. plass bak Jølster.
STAFETT: Jotun deltok med eige stafettlag som tok ein pen 2. plass bak Jølster.

– Her var det seks etappar, og dei gjorde sakene sine godt. Me kom på 3. plass, men Vik vart diska på grunn av høg alder, så då enda me på ein flott 2. plass bak Jølster, fortel ho.

Jølster sprang på totaltida 5:08, medan IL Jotun si tid var på 5:56. 

Friidrettsgruppa i idrettslaget frå Årdal har hatt ein voldsom vekst den siste tida, og for mange var dette det første friidrettsstevnet dei deltok på.

– Det meistra dei fint. Det var mange som sette personlege rekordar og hadde fine plasseringar. 

Knut Werge Olsen har verkeleg vist at friidrett er noko han kan. I helga sette han nye personlege rekordar på 60 meter, 100 meter og lengde.

Til toppen