SKRITTKONKURRANSE: Dette er berre ein liten del av gjengen på Åbo som har delteke på ein skrittkonkurranse som har tatt dei rundt heile jorda ein gong. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SKRITTKONKURRANSE: Dette er berre ein liten del av gjengen på Åbo som har delteke på ein skrittkonkurranse som har tatt dei rundt heile jorda ein gong. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Denne gjengen har gått Øvre-Tangen 1193 gonger

Seks veker med skrittkonkurranse på Årdal bu- og omsorgssenter (Åbo) fekk fart på konkurranseinstinktet. 

Årdal: At dei som jobbar i helsevesenet brukar føttene mykje, er det ingen tvil om, men gjengen på Åbo i Øvre Årdal har faktisk gått rundt jorda viss ein legg saman skritta deira.

Dei siste seks vekene har det nemleg vore skrittkonkurranse blant dei tilsette, og no er resultatet klart. Til saman har dei 37 som deltok gått 21,8 millionar skritt.

– Dette var eit helsefremjande tiltak, som utvikla seg til å bli ein konkurranse, seier Anne Lise Øy.

Positivt tiltak for helsa

Totalsummen tilsvarar ein runde rundt jorda, Noreg på langs 5,5 gonger, 131 turar opp og ned Mount Everest frå første basecamp og Øvre-Tangen 1193 gonger. 

– Det er fleire som tek trappa, iallfall under konkurransen. Mange fortel at dette har hjelpt dei med å koma seg ut. Ei har byrja med toppturar og seier ho ville ha lege på sofaen elles. Det er mange positive tilbakemeldingar, seier Øy vidare.

Med konkurranse følgjer også instinktet etter å vinne. Medan nokon tok ein ekstra runde i bygda sjølv om dei berre hadde nokre hundre meter heim, tok andre han heilt ut og var innom det som var av trimpostar i bygda på ein dag. 

Konkurranseinstinktet kom fram

Den dagen gjekk ein av desse 63 395 skritt. Det er like mykje som enkelte hadde på ei heil veke. 

– Det er spesielt tre som har konkurrert, men her er det også ein outsider, så det blir spennande å sjå. I starten var det veldig morsomt. Då var det faktisk slik at dei gjekk ein runde rundt Åbo når dei skulle heise flagget, ler Øy.

Ved sidan av ho sit Bente Ålsberg Nesse, som også har konkurranseinstinktet på plass.

– Den eine dagen gjekk eg opp i andre etasje, og då spurte dei meg kva eg skulle gjera der. Eg skulle på do, fortel ho og smiler.

Vandrepokal

Konkurransen har ikkje berre vore mellom kvar enkelt, men også mellom sonene. På Åbo er det tre soner. Kven som er vinnaren av konkurransen vert først offentleggjort når dei skal samlast til ei sommaravslutning litt seinare.

– Då blir det medalje til den som har gått minst og mest. Og så blir det kåringar på «kontorrottene» og dei ute i sonene. Og det blir vandrepokal til den sona som har gått mest skritt, så dette skal gjentakast, forsikrar Øy og utfordrar med det same dei andre områda i Årdal kommune til å delta konkurransen neste gong. 

Til toppen