FESTIVALKOMITE: Desse ti står bak årets festival. - Me trur me har fått ein line-up som har noko for dei aller fleste, seier festivalsjef Emma Wolden (fremst).
FESTIVALKOMITE: Desse ti står bak årets festival. - Me trur me har fått ein line-up som har noko for dei aller fleste, seier festivalsjef Emma Wolden (fremst). (Foto: Vekao)

Denne gjengen har stått på for å sikra variert program til Vekaos 40-årsjubileum

I 2020 er det 40 år sidan den populære festivalen vart arrangert for første gong. Det måtte feirast med gode artistar, fortel festivalsjef Emma Wolden.

Sogndal: No er programmet for Sogndals-festivalen kjent. Festivalkomiteen består av ti personar, og til jubileumsfestivalen ville dei ha ein god blanding av artistar, fortel Wolden. 

– Det som er viktig for oss når det gjeld line-up er at at det skal vera noko for dei aller fleste. Noko som eg vil påstå at me har klart. Me i komiteen er veldig nøgde med Vekao 2020 sin line-up, seier festivalsjefen. 

Nytt gamalt innspel

Dei starta tidleg med planlegginga av festivalen, fortel Wolden. 

– Me sette oss litt inn i kva som har blitt arrangert i tidlegare utgåver av Vekao, og ettersom debatt var noko som blei heldt under den første festivalen, ville me også ha det i år. 

– Så det blir årets nye tilskot til Vekao, seier ho. 

VEKAO: Det er eit stjernespekka program for VEKAO i mars. Blant dei som kjem er popartisten Ruben. Foto: Pressefoto

Årets utgåve av festivalen bere preg av 80-tallet, sidan det var då han vart starta. På programmet er det blant anna planlagt ein 80-talsfest, og visning av 80-tals filmar. 

Desse kjem til Vekao

Ruben
Staysman & Lazz
80's Party
Konspirasjonspodden livepodcast
Kobojsarna [SE]
Honningbarna
Vassendgutane
Stavangerkameratene

VEKAO: Det er eit stjernespekka program for VEKAO i mars. Blant dei som kjem er popartisten Ruben. (Foto: Pressefoto)
Stavangerkameratene (Foto: Ole Laget / Pressefoto)
Honningbarna (Foto: Pressefoto)
Vassendgutane (Foto: Pressefoto)
Til toppen