Årdal: Ein jury på tre har slurpa seg fram til det beste drikkevatnet i fylket. Det vart kåra vinnarar i to kategoriar, èin for overflatekilder og èin for grunnvasskilder.
Årdal vassverk stakk av med sigeren i den siste kategorien.
– På grunnvannskilder var det en kandidat som skilte seg ut som en klar vinner, mens på overflatekildevann var det veldig jevnt blant kandidatene, seier jurysjef Johan P. Nielsen i ei pressemelding.
Femten vassverk frå halvparten av kommunane i fylket var med i konkurransen. Kåringa skjedde i samband med ein vatn og avløpskonferanse på Loen onsdag. Høyanger vassverk vann den andre kategorien, og saman skal dei to forsvara æra til fylket i landsfinalen i mars neste år.
– Det var veldig godt drikkevann hos alle kandidatane, ein klar kvalitetsforbedring samanlikna med den førre kåringa i 2015, spesielt med tanke på den store nedbøren fylket har hatt dei siste dagane, seier Nielsen.