SUPPORT: Hege Bakken Wahlquist skal få mykje støtte når ho entrar parketten onsdag for å spele sin første NM-finale. Ein gjeng på 16 årdøler er no på veg til Nadderud Arena for å heie jenta frå Årdal fram. Foto: Privat.
SUPPORT: Hege Bakken Wahlquist skal få mykje støtte når ho entrar parketten onsdag for å spele sin første NM-finale. Ein gjeng på 16 årdøler er no på veg til Nadderud Arena for å heie jenta frå Årdal fram. Foto: Privat.

Denne gjengen skal heie på Hege i kveld

Hege Bakken Wahlquist får med seg kjende fjes på tribuna når ho spelar sin første NM-finale onsdag kveld.

Årdal: Årdølen skal i aksjon onsdag ettermiddag mot Noregs desidert beste handballag i ei årrekke, Larvik, som har spelar sin 14. NM-finale på rad.

Men med seg på tribuna får Wahlquist og Glassverket ein ivrig gjeng med årdøler. Og alle veit at årdøler er kjende for å vere høglytte.

– Stemninga i bussen er fin. Den er ikkje komen heilt i hundre. No driv med på med sportsquiz, så det kjem seg, fortel mamma Siv Bakken til Porten.no.

16 årdøler på reis

Eigentleg var planen at ho og Therese Lægreid skulle reise saman og sjå finalen ilag, men det var fleire årdøler som melde sin interesse. Då Porten.no snakka med Bakken, var dei 16 som er i følgjet komne til Nes i Ådalen.

– Eg vart heilt overraska over at så mange ville vera med, og det er kjempemoro. Me hadde plan om å køyre nedover ilag, men så ringte Ruth (Laberg journ. anm.) og ville samla ein gjeng. Det er heilt supert, og eg trur det blir livleg. Me har fått sitjeplassar ilag med Glassverket-supporterane, seier Bakken. 

Bakken fortel vidare at gjengen med årdøler er invitert til å vere med på cupfinale-vorspiel, men er usikre om dei rekk det. 

Dagens finale er på mange måtar spesiell. For det første er det den 50. finalen som er innandørs, og etter 23 finalar i Oslo Spektrum skal kampen spelast i Nadderud Arena for første gong.

Alltid nervøs

Medan dette så godt som er ei heilt ny oppleving for Glassverket etter berre éin finale frå 1981, er dette den 20. for Larvik. Difor er det ikkje særleg overraskande at det er nettopp dei som har presset på seg i denne kampen også.

– Eg er alltid nervøs når Hege skal spela. Det har eg alltid vore uansett kva det har vore for noko, men ho er veldig rolig, og då blir eg også det. Dette er så stort for Hege og Glassverket at det berre skal bli moro å sjå på.

– Det er heller ikkje noko press. I ei undersøking på Facebook, der folk skal tippa resultat, er det ingen som trur Glassverket vinn. Dei vil sjølvsagt vinna, men det er ingen som deppar om dei tapar.

Til toppen