SOMMARSKULE: Skulen slutta i førre veke, men Morten (11), Nikolas (11), Elina (9) og Leander (9) tek gjerne ei veka på sommarskulen til Hydro og Forskerfabrikken. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SOMMARSKULE: Skulen slutta i førre veke, men Morten (11), Nikolas (11), Elina (9) og Leander (9) tek gjerne ei veka på sommarskulen til Hydro og Forskerfabrikken. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Denne gjengen tek gjerne ei ekstra veke på skulen sjølv om det er sommarferie

Morten (11), Nikolas (11), Elina (9) og Leander (9) planlegg å bli forskarar når dei blir store.

Årdal: Alle fire deltek denne veka på Hydro og Forskerfabrikken sin sommarskule i Årdal. Sjølv om sommarferien starta før helga, er naturfagsalen på Tangen skule fylt opp med unge forskarspirer denne veka.

Gjennom veka får elevane lære mykje nytt og drive med forsøk som baserer seg på naturfag og matematikk. 

– Akkurat no driv me med eit forsøk der me lagar såpebobler med eit sugerøyr. I blandinga er det eddik, såpeboblevatn og magnesium. Så tar me ein fyrstikk og tenner på. Då blir ein eksplosjon, og me får hydrogengass, forklarar Leander Ø. Dyrdalen.

Lært mykje

Saman med Morten Oliver Walaker Hovland, Nikolas Breivik Olsen og Elina Toth-Nyhus sit dei og eksperimenterer. Dei fire fortel om ei lærerik veke så langt.

Artikkelen held fram under biletet.

FORSØK: Sommarskulen er veldig praktisk retta, der elevane får gjere forsøk. 
FORSØK: Sommarskulen er veldig praktisk retta, der elevane får gjere forsøk. 

– Me har mellom anna fått vatn til å sprenga, seier Walaker Hovland.

Han var også med på sommarskulen i fjor, men det var til dømes ikkje Toth-Nyhus, som melde seg på i år fordi det virka gøy og fordi det var mange eksplosjonar.

– Eg vil vera med til neste år også. Eg tykkjer matematikk er litt kjedeleg, men biologi er gøy. Eigentleg burde fleire vere med også i staden for ikkje å gjere noko, er konklusjonen hennar.

Fleire skal velja realfag

På sommarskulen lærer ungane mykje naturfaglege begrep, dei gjer forsøk, og det er mykje praktisk arbeid som er knytta til kvardagen.

– På den måten kan dei bruke det vidare og kanskje drive med naturfag seinare. Målet er å få fleire vil å velja realfag og teknologifag, fortel Malene Saure Hagen, som er instruktør saman med Sunniva Skuset.

Artikkelen held fram under biletet.

SPENNANDE: Støynivået i klasserommet var høgt då elevane fekk sette fyr på såpeboblene og det byrja å smelle. 
SPENNANDE: Støynivået i klasserommet var høgt då elevane fekk sette fyr på såpeboblene og det byrja å smelle. 

Dei to fortel at veka har gått bra så langt, og at motivasjonen til elevane er på topp. Fredag skal elevane sjølve få syne fram for foreldra kva dei har læt.

– Det trur eg blir morsomt for både elevane og foreldrene, seier Hagen, som rosar tilbodet.

– Det skapar motivasjon og gjer naturfag og matematikk morsomt. På skulebenken er dei faga ofte litt kjedelege, og nokre lærarar tykkjer kanskje det er litt skummelt med forsøk, men det er om å gjere å teste det ut sjølv. Det trur eg er viktig, seier ho.

Til toppen