BEDRIFTSBESØK: Denne gjengen med rådgivarar besøkte skular og industri i Sogn for å lære meir om kva tilbod som finst innanfor arbeidsmarknaden i fylket.
BEDRIFTSBESØK: Denne gjengen med rådgivarar besøkte skular og industri i Sogn for å lære meir om kva tilbod som finst innanfor arbeidsmarknaden i fylket. (Bilde: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Denne gjengen var på næringsreise i Sogn: – Dette med solcelle var eg ikkje klar over

Gjengen med rågivarar i skulane og NAV lærte definitivt noko nytt då dei besøkte Sogndal og Årdal.

Årdal: Det er Karriere Sogn og Fjordane som arrangerer den årlege næringsreisa for rådgivarar i både grunnskule og vidaregåande, arbeidslivskontaktar og Nav-tilsette.

Målet er å gi dei eit grundig innblikk i kva moglegheiter som finst på både arbeids- og utdanningsfronten ulike stadar i fylket.

– Dette blir kompetanseheving til rådgivarane. Me plar bytte litt på regionane me reiser til, og i år bar turen til Sogn, seier karriererettleiar Siv Kristin Flekke.

Besøkte skulane i Sogndal

Næringsreisa i år hadde fleire ulike tema, og først ute var studieførebuande utdanningsprogram og kva ein kan studere ved Høgskulen på Vestlandet.

Åse Neraas på høgskulen orienterte og svara på spørsmål som rådgivarane hadde kring dei ulike studia. Deretter vart det omvising på store delar av høgskulen ved Neraas og Turid Mølmesdal, før besøket vart avslutta på karrieresenteret høgskulen har for sine studentar.

Skulane ligg tett i Sogndal, og deltakarane på næringsreisa tok også turen innom Sogndal vidaregåande skule. Der viste rådgjevar Jarle Flo rundt i dei flotte verkstadar og klasserom.

– Dette var kjempeinteressant og veldig bra. Det var spennande å høyra om høgskuletilbodet i Sogndal og Førde, men også å sjå kva bedriftene i Årdal held på med, seier Flekke.

Innom industrien i Årdal

For etter skulebesøket venta industrien i Årdal. Anne Kauppi i Sogn Opplæringskontor snakka om arbeidet som vert gjort for å skaffa lærlingplassar. Deltakarane var også innom Hydro både på Årdalstangen og i Øvre Årdal og Norsun.

– Eg må innrømme at det som foregår på solcellefabrikken var eg ikkje klar over. Det var veldig spennande.

Dei to bedriftene orienterte om kva fagarbeidarar dei treng, og kva utdanning dei som vert tilsette bør ha. Bedriftene har eit godt samarbeid med Sogn opplæringskontor gjennom korleis dei arbeider med rekruttering av lærlingar og læreplassar.

Til toppen