PÅ BÆÆÆRTUR: Denne flokken med sauer tilhøyrer Erling Offerdal og har kome seg heile vegen frå Ofredal til Tronteigen i Utladalen, noko som sjølvsagt var eit spesielt syn for bebuarane i Utladalen. Foto: Tipsar.
PÅ BÆÆÆRTUR: Denne flokken med sauer tilhøyrer Erling Offerdal og har kome seg heile vegen frå Ofredal til Tronteigen i Utladalen, noko som sjølvsagt var eit spesielt syn for bebuarane i Utladalen. Foto: Tipsar.

Denne gjengen var skikkeleg på bææærtur

– Det er nesten så ein lurer på om nokon har henta dei og køyrt dei fram.

Utladalen: Dei som bur i byggefeltet på Tronteigen fekk seg eit litt uvanleg syn tidlegare denne veka. Opp til fleire har nemleg hatt besøk av sauer i hagen sin. 

Sauer er eit ganske så uvanleg syn i industrikommunen Årdal generelt, men på Tronteigen i Utladalen er det iallfall spesielt å sjå sauer. 

Det som gjer saka endå meir spesiell er at sauene hadde gått heile vegen frå Ofredalen. Dei tilhøyrte nemleg Erling Offerdal. 

Uvanleg

– Det er jo heilt uvanleg då. Dei har vore oppe på Bergastølen over byggefeltet, men for dei som er kjende der, er det ikkje nokon god sti ned heller, så det skal godt gjerast at dei har funne vegen, seier han.

– Det er ikkje dei same sauene som var der oppe i fjor, for dei har eg arrestert ein annan plass fordi dei ikkje skulle reisa. Desse er heilt nye, så eg må seia eg vart veldig overraska då eg var på veg til Skogadalsbøen og det byrja å pipa inn meldingar, ler han. 

– Aldri trudd

Offerdal kan ikkje gjera anna enn å le av heile episoden, og det viktigaste er at han no har fått henta sauene. Han minnast eit tidlegare høve der nokre sauer frå Luster enda opp i Ålmennhagen. Sett vekk frå det, er dette ganske spesielt.

– Det er ikkje vanleg, og så er det såpass tidleg på hausten òg. Det er nesten så ein lurer på om nokon har henta dei og køyrt dei fram. Korleis dei har kome seg så langt, veit eg ikkje, og så er det heilt unaudsynt med dei flotte beiteområda òg. At dei hadde kome dit, hadde eg aldri trudd.

Til toppen