NØGDE: Medarbeidarane på Circle K Sogndal syner fram effektar og produkt frå Rosa sløyfe-aksjonen.
NØGDE: Medarbeidarane på Circle K Sogndal syner fram effektar og produkt frå Rosa sløyfe-aksjonen. (Foto: Circle K)

Denne gjengen ved Circle K Sogndal samla inn mest til Rosa sløyfe-aksjon

Circle K Sogndal samlet inn mest til Rosa sløyfe av alle stasjonene i Sogn og Fjordane, det kjem fram i ei pressemelding.

Sogndal: På landsbasis satte aksjonen ny innsamlingsrekord.

 – Me gler oss til denne kampanjen i Sogndal kvart år. Engasjementet er alltid stort både hjå kundar og medarbeidarar under Rosa sløyfe-aksjonen. No gler me oss allereie til neste år sin kampanje, seier dagleg leiar og forhandlar, Eirik Trontveit, ved Circle K Sogndal.

Voldsomt imponert

Aksjonsleiar, Marit Sophie Egge, i Kreftforeningen er imponert over resultatet og det sosiale engasjementet til Circle K.

 – Dette er eit voldsomt imponerande beløp som er svært viktig for brystkreftsaken. Pengane er med på å sørga for at me kan driva langsiktig forskning som kjem pasientane til gode, seier ho.

Nærmer seg 23 millioner kroner

– Me nærmar oss 23 millionar innsamlede kroner over dei sju åra me har hatt Rosa sløyfe-aksjon ved våre stasjonar, og i år blei det dessutan ny innsamlingsrekord for oss med 4,75 millionar kroner. Det er utruleg gøy, og me vil retta ein stor takk til alle kundane som har gjeve peng til ein så viktig sak, og til stasjonsdrivarar og medarbeidarar som har satsa maksimalt på året si viktigste kampanje, seier norgessjef Christoffer Sundby i Circle K.

Kreftforeningen og Brystkreftforeningen står saman om Rosa sløyfe-aksjonen. Circle Ks sine kundar har støtta årets aksjon ved å kjøpa alt frå bilvask og refleks, til kaffi i rosa kopp, vatn i rosa flaske, samt rosa spylarvæske.

På innsamlingstoppen i Sogn og Fjordane:

1. Circle K Sogndal: 7215 kr

2. Circle K Florø: 5940 kr

3. Circle K Førde: 5855 kr

4. Circle K Eid: 4145 kr

5. Circle K Stryn: 1480 kr

Til toppen