GODE TAL: - Lange ventelister, nye studietilbod med god rekruttering og aukande studenttilgang til
viktige utdanningar for Sogn og Fjordane er svært positivt, fortel prorektor for
nærregion Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke. Foto: Halvor Farsund Storvik.
GODE TAL: - Lange ventelister, nye studietilbod med god rekruttering og aukande studenttilgang til viktige utdanningar for Sogn og Fjordane er svært positivt, fortel prorektor for nærregion Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke. Foto: Halvor Farsund Storvik. (Halvor Farsund Storvik)

Denne høgskulen er populær

1000 fleire enn i fjor står på venteliste til Høgskulen på Vestlandet.

Sogndal: - Lange ventelister, nye studietilbod med god rekruttering og aukande studenttilgang til viktige utdanningar for Sogn og Fjordane er svært positivt, fortel prorektor for
nærregion Sogn og Fjordane, Rasmus Stokke i ei pressemelding.

Til grunnutdanningane med opptak gjennom det nasjonalt samordna opptaket
tek Høgskulen på Vestlandet (HVL) i år opp om lag 1000 studentar i Sogn og
Fjordane, som er meir enn nokon gong. I hovudopptaket som no er gjennomført,
står meir enn 3000 på venteliste, ein auke på vel tusen frå i fjor.

Særleg er det lang venteliste for opptak til sjukepleiestudiet i Førde, men også barnevern,
sosialt arbeid, vernepleie og eigedomsmekling i Sogndal har mange som ventar
på studieplass.

- For høgskulen er den gode rekrutteringa både gledeleg og viktig, men
samstundes er det leitt for dei som ikkje når opp i konkurransen, seier Stokke.

Prorektoren trekkjer også fram særskild god rekruttering til idrettsutdanningane,
dei økonomisk-administrative utdanningane, årsstudiet i jus og bachelorstudiet i
landskapsplanlegging med landskapsarkitektur.

Høgskulen har og gitt mange tilbod om studieplass til grunnskulelærarutdanning.

- Med tanke på omlegginga til femårig masterstudium for lærarar
kombinert med strenge opptakskrav, er det positivt at vi held oppe god
rekruttering til denne utdanninga for å halde på posisjonen som ein attraktiv
stad for å utdanne lærarar, seier Stokke.

- I det samordna opptaket reknar vi med å ha nokre få ledige studieplassar, og
desse vil bli tilgjengelege for søking 20 juli, fortel opptaksleiar Arnstein Menes.

- Då reknar vi med stor pågang og travle dagar.

Når det gjeld lokalt opptak er pågangen til masterstudia aukande og betre enn
nokon gong. Det nyetablerte masterprogrammet Climate Change Management
trekkjer til seg fleire internasjonale studentar, eit aukande tal lærarstudentar og
lærarar ønskjer å ta masterstudiet i læring og undervisning, og det veletablerte
masterstudiet i organisasjon og leiing rekrutterer betre enn nokon gong.

- Tala frå Samordna opptak og dei lokale opptakstala syner at HVL har særdeles
attraktive studiestadar og studietilbod i Sogndal og Førde» seier prorektor
Stokke.

Til toppen