LIDING: Denne hjortekalven gjekk truleg rundt med broten fot i ein månads tid. Etter melding frå ein bilist som meinte å sjå ein skadd hjort kryssa vegen, fann ettersøksringen kalven og fekk avliva den torsdag denne veka. Foto: Ole Ramshus Sælthun
LIDING: Denne hjortekalven gjekk truleg rundt med broten fot i ein månads tid. Etter melding frå ein bilist som meinte å sjå ein skadd hjort kryssa vegen, fann ettersøksringen kalven og fekk avliva den torsdag denne veka. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Denne kalven gjekk med to brot i foten i ein månad

– Folk må melda frå uansett når dei køyrer på hjortevilt og deretter følgja ein enkel men viktig prosedyre, oppmodar ettersøksringen.

Lærdal: – Me fekk melding tidleg i desember om ein hjort som hadde med seg ein halt kalv på Tønjum. Då søkte me etter det, men det er ikkje lett - det gjekk mange hjortar i området og det var ikkje blod som hunden hadde å spora på. Dessutan er det mykje bebyggelse i området som gjer det ekstra store utfordrande, og om me går for mykje på kan me også skremma andre hjortar oppatt i trafikken, seier Søren Ørbech Mo, nestleiar i Årdal Jeger og Fiskerforening sin ettersøksring.

Så, torsdag denne veka fekk politiet melding av ein bilist som såg ein kalv som verka skadd når den kryssa vegen ved rundkøyringa i Håbakken. Bilisten var ikkje sikker, men melde likevel frå.

– Me hadde folk så me fekk rykt kjapt ut, og fann kalven, som vart avliva. Mest truleg er det snakk om same kalven som me fekk melding om tidleg i desember. Den hadde eitt brot nede i klauva og eitt brot i okleleddet. Sjølv med så store skadar var det vanskeleg å sjå at den var skadd. Så det er bra at folk seier frå når dei ser slikt, så får me stoppa lidinga, seier Ørbech Mo.

Artikkelen held fram under biletet

TO BROT: Høgre bakfoten til kalven var knekt på to plassar, både nede i klauva og i okleleddet.
TO BROT: Høgre bakfoten til kalven var knekt på to plassar, både nede i klauva og i okleleddet.

Desse prosedyrane skal du følgja

Det er det viktigaste fortel han - at folk melder frå både om dei ser dyr som verkar skadde, og heilt avgjerande; når dei køyrer på hjortevilt, sjølv om samanstøyten ikkje er så stor.  

– Ein del trur at det gjekk bra fordi samanstøyten ikkje verka så voldsam, eller fordi hjorten ser ut til å halda fram utan å gjera teikn til skade. Men den kan likevel ha store skader som ikkje er synlege, ofte er det snakk om innvendige skader utan blod når hjort blir påkøyrd.

Når påkøyrsla er eit faktum skal følgjande prosedyre utførast:

  • Ring alltid 02800 og meld frå om påkøyrsla.
  • Merk opp der påkøyrsla har funne stad
  • Forlat staden stille og roleg, eventuelt vent i bilen til mannskap frå ettersøksringen kjem. Ein skal ikkje prøva å følgja etter eit påkøyrt hjortevilt, heller ikkje trakka rundt på staden meir enn det ein må for å få merka opp plassen.

– Mange skvett når dei køyrer på hjort og vil sjå korleis det har gått, så dei følgjer etter. Men då kan ein skremma hjorten lengre vekk. Dersom ein skadd hjort får ro vil den leggja seg ned rimeleg kjapt, seier Ørbech Mo.

Les om at du kan koma vesentleg betre ut av forsikringsoppgjeret når du melder frå om påkøyrsle: Det kan kosta deg dyrt å stikka frå denne

Les også: Sjå, eit påkøyrt rådyr

Ei påkøyrsle om dagen i snitt siste dryge veka

I tillegg kan det bli enno meir utfordrande for hunden å spora dyret når folk har trakka i spora etter hjorten. Og spesielt på vinteren er det ekstra utfordrande tilhøve for å finna att påkøyrt hjort.

– Det blir ikkje den same vitringa av luktstoff når det er kaldt, noko som gjer det meir utfordrande for hunden. Dessutan er det store ansamlingar av hjort nede i dalen og områda rundt dei store vegane, så det kjem lukt frå andre dyr på alle kantar. 

Den siste tida har det vore tett mellom påkøyrslene i Lærdal - på litt over ei veke frå 5.juledag av har det vorte innmeldt ni påkøyrsler. 

– Det er nok fleire grunnar til at det toppar seg no. Jakta er nyleg avslutta, og då  søkjer hjorten ned i dalen. I skogen blir det ro og hjorten trekkjer på vegene sine mot der det er enklast å få tak i mat, og det er nede i dalbotnen. Så har me hatt snø og kjøleg vêr siste tida, noko som også gjer at hjorten trekkjer ned. 

Artikkelen held fram under biletet

MYKJE HJORT LANGS VEGENE: Rett bak steinen står ei kolle og oppe i bakken bak henne kalven - midt på lyse dagen. Desse står 15-20 meter frå rv. 5 på Bergo rett sør om sentrum på Lærdalsøyri.
MYKJE HJORT LANGS VEGENE: Rett bak steinen står ei kolle og oppe i bakken bak henne kalven - midt på lyse dagen. Desse står 15-20 meter frå rv. 5 på Bergo rett sør om sentrum på Lærdalsøyri.

– Kjem nesten alltid fleire hjortar i følgje over vegen

Difor er råda å køyra roleg og vera observant. 

– Og ser du at ein hjort kryssar vegen kan du vera sikker på at det kjem fleire. No går hjortane i ganske store flokkar, og det kjem nesten alltid fleire i følgje.

Årdal Jeger- og Fiskerforening sin ettersøksring består av i underkant av ti mann med hund, nokon er alltid på vakt.

– Me har bruk for folk, så det er veldig bra om nokon har interesse av å ta opplæring med hund og vera med i ettersøksringen, avsluttar Ørbech Mo.

Til toppen