HISTORISK: Dette er den minste gjengen med elevar som har starta i 1. klasse ved Tangen skulle nokon gong, men rektor er ikkje uroa for neste år er kullet oppe på normalen att. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
HISTORISK: Dette er den minste gjengen med elevar som har starta i 1. klasse ved Tangen skulle nokon gong, men rektor er ikkje uroa for neste år er kullet oppe på normalen att. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Denne klassen er historisk

Aldri før har Tangen skule hatt ein så liten 1. klasse, men rektor er ikkje uroa.

Årdalstangen: I ei tid der politikarar vonar om kalde vintrar i håp om at det skal bidra til å auke folketalet, er det ei historisk nyheit å melde om frå Tangen skule.

I 1. klasse har dei nemleg berre tolv elevar. Aldri før har så få elevar starta i 1. klasse på skulen, men rektor Jan Kåre Stedje er ikkje uroa.

– For vår del er dette eit historisk tal og gjer at akkurat dette året så kan me få litt pusterom fordi det er press på lærarar, men når det kjem att dobellt så mange neste år, er ein oppe på normalen igjen, seier han.

IKKJE UROE: Rektor Jan Kåre Stedje er ikkje uroa, for neste år er kullet tilbake til normalen att med dobbelt så mange elevar.
IKKJE UROE: Rektor Jan Kåre Stedje er ikkje uroa, for neste år er kullet tilbake til normalen att med dobbelt så mange elevar.

Generell nedgang i folketal

Til neste år er kullet dobbelt så stort på rundt 25 ungar, og også i åra som kjem vil det vere slik. Difor er akkurat dette året eit litt spesielt unntak. 

– Ressursmessig sett er det klart at ein klasse på tolv elevar er annleis enn ein på 26-27, men det gir litt pusterom akkurat dette året, smiler Stedje.

Det låge elevtalet kan sjåast i samanheng med samfunnsutviklinga elles. I dag bur det 5412 personar i Årdal ifølgje tal frå SSB. Går ein 25 år tilbake, var det over 800 fleire innbyggjarar i kommunen med 6257.

– Viss me snakkar i grove tal, så var det 8-900 fleire elevar i skulen i Årdal enn i dag i storheitstida til Årdal rundt 1970. Då snakkar me elevtal oppe i 1500 for heile kommunen. No er me nede i rundt 600, held han fram.

– Alle er velkomne

Dei ti siste åra har det vore innflyttarar som kjem i arbeidssamanheng eller som flyktning som har utgjort tilveksten i skulen. 

– Det er ein kjærkomen tilvekst fordi me vil ha fleire elevar uansett. Anten dei kjem frå Kina, Polen, Syria eller Noreg så er alle velkomne på skulane fordi det er viktig for samfunnet at det er folk på skulane. Det betyr at det er familiar her og indirekte at arbeidssituasjonen er betre.

På Tangen skule er det rundt 16 nasjonalitetar blant elevane, noko som igjen skapa sine utfordringar på språk. Men det er slik verda er, medkjenner Stedje, som har eit heilt avslappa forhold til elevtalet.

– Uroen ligg heller i at me har eit ansvar i å fortelja folk at det er bra å bu i Årdal, for det er det. Viss arbeidsmarknaden blir annleis, kjem det fleire elevar også. Skulane per no er ikkje fokus. Me er ikkje bekymra. Om me får 15 eller 25, er dei alle like velkomne. Men me blir voldsomt gilde når det kjem nye her, smiler han. 

 

Til toppen