GÅR SÅ DET SUSAR: 2016 har vore eit godt år for Sogndal kommune, ikkje minst økonomisk.
GÅR SÅ DET SUSAR: 2016 har vore eit godt år for Sogndal kommune, ikkje minst økonomisk. (Foto: Arkiv)

Denne kommunen går mot eit overskot på 17 millionar kroner

Rådmannen i Sogndal kan leggje fram solide tall, trass i at kommunen brukar fleire millionar meir på drifta enn budsjettert.

Sogndal: Ei rekkje faktorar har gitt kommunen auka inntekter i 2016. Auka skatteinngang nasjonalt, auka rammeoverføringar frå Staten og auka skatteinntekter, først og fremst på grunn av den nye trafostasjonen på Hagafjellet, gjer at budsjettet går mot eit solid overskot.

GOD KONTROLL: Rådmann Jostein Aanestad seier Sogndal går mot eit solid overskot i 2017.
GOD KONTROLL: Rådmann Jostein Aanestad seier Sogndal går mot eit solid overskot i 2017.

– I tillegg har vi fått eit lågare lønnsoppgjer enn det som låg inne i budsjettet vårt. Så samla sett har vi ein svært god økonomi i 2016, seier rådmann Jostein Aanestad.

På sjølve drifta bruker kommunen likevel noko meir enn det er budsjettert for. I pleie- og omsorg og helse- og sosialtenestene er det eit overforbruk på 3-4 millionar kroner.

Les også: Her er avgiftene høgast i Sogn
Les også: Bustadprisane i Sogndal er historisk høge

Kommunen får meir å rutte med

Nokre av desse positive tendensane vil halde fram òg neste år. Men i statsbudsjettet for 2017 kjem Sogndal dårleg ut. Spesielt dei såkalla frie inntektene er langt dårlegare enn tidlegare år.

– Grunnen til det er først og fremst omlegginga av skattesystemet, slik at vi får reduserte overføringar frå staten, seier Aanestad.

Les også: Dette meiner politikarane om cruise i Sogndal

Trass i dei positive tala trur rådmannen det likevel blir nokre tøffe rundar når budsjettet for neste år skal handsamast i desember. 

– Det er stort sett alltid krevjande å balansere eit budsjett, fordi det er langt fleire ønskje enn det vil vere rom for. Men som følgje av auka inntekter vil det vere mindre vanskeleg i perioden vi går inn i no, enn det har vore dei tidlegare åra, seier han.

Investeringane er stort sett i rute

Den store investeringa i kommunen er utbygginga av Sogndal helse- og omsorgssenter. Første byggesteg skal stå ferdig neste år, medan byggetrinn to står klart i 2018.

–  Den samla kostnadsramma er på 300 millionar og vi ligg framleis i rute til å halde oss innafor den, seier Aanestad.

Les også: Ordføraren har fleire titals millionar han slit med å få brukt

I tillegg til denne storinvesteringa har kommunen ei rekkje mindre prosjekt gåande. Her er det snakk om investeringar på alt frå millionen til 15-20 millionar.

– Der kan det vere nokre avvik både i pluss og minus, men samla sett held vi oss i det vesentlege innafor på investeringsprosjekta våre, seier rådmannen.

Til toppen