Aurland: Det legemelde sjukefråværet i Sogn og Fjordane var 4,7 prosent i 2. kvartal 2017, det same som i 2. kvartal i fjor.
Saman med Rogaland, har Sogn og Fjordane nest lågast sjukefråvær i landet. Berre Oslo med 4,2 prosent er lågare.
– Sogn og Fjordane har ei eldre befolkning enn landsgjennomsnittet, og eldre arbeidstakarar har høgare sjukefråvær enn yngre. På denne bakgrunnen er det svært positivt at sjukefråværet i Sogn og Fjordane er såpass lågt, seier direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes.
Aukar mest i Leikanger
Ser ein på tala kommune for kommune, syner tala at Aurland har det lågaste sjukefråværet i fylket og ligg på 3,1 prosent.
Samstundes er det ein annan sognekommune, Leikanger, som har den største auken i sjukefråværet, og som også toppar statistikken saman med Askvoll. I andre kvartal var sjukefråværet her på 5,8 prosent.
Sjukefråværet er høgst innan helse- og sosialtenester med 6,7 prosent. Deretter følgjer forretningsmessig tenesteyting med 6,1 prosent og bergverksdrift og utvinning av olje og naturgass med 6,0.
Helse- og sosialtenester har ein auke på 2,3 prosent frå 2. kvartal i fjor, mens industri har ein reduksjon på 2,9 prosent.
Legemeldt sjukefråvær i kommunen i Indre Sogn
Kommune | % 2. kvartal 2016 | % 2. kvartal 2017 |
Leikanger | 4,0 | 5,8 |
Sogndal | 4,3 | 4,0 |
Aurland | 3,2 | 3,1 |
Lærdal | 4,7 | 5,1 |
Årdal | 4,0 | 3,8 |
Luster | 3,9 | 4,9 |