FOREDRAG: Sten Erik Magnus kjem til Lærdal kulturhus for å snakke om korleis å snu ein negativ trend. Fotomontaje: Jan Christian Jerving/ Confex.no
FOREDRAG: Sten Erik Magnus kjem til Lærdal kulturhus for å snakke om korleis å snu ein negativ trend. Fotomontaje: Jan Christian Jerving/ Confex.no

Denne mannen fekk Burger King og TGI Fridays til landet

Og onsdag kjem foredragshaldar og den erfarne leiaren Sten Erik Magnus til Lærdal. 

Den tidlegare konsernsjefen i Umoe Restaurant Group, Noregs leiande serveringskjede, er mannen som fekk konsept som Burger King og TGI Fridays til Noreg, skriv E24. Magnus har lang erfaring frå leiing og har i tillegg bygd opp ei rekke restaurantkjeder som mellom anna Peppes Pizza. 

Magnus er også leiar for omstillingsstyret på Ringerike. Arve Tokvam, leiar for Lærdal næringsutvikling og Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, har møtt Magnus på nokre samlingar om omstillingsarbeid, og har no invitert han til eit foredrag der han snakkar om samspel, arbeidsglede og verdiforankring. 

– Kven vil ha nytte av fordraget?

– Magnus er ein flink formidlar,  har mykje å by på og har fått i gang store ting. Det handlar som sagt  om samspel, arbeidsglede og verdiforankring. Det er relevante tema som alle kan ha nytte av uansett kvar du er i arbeidslivet. Magnus har også mykje å bidra med som omhandlar omstilling, og om korleis å snu ei negativ utvikling, fortel Tokvam.  

Han oppfordrar folk om å ta turen til Lærdal kulturhus onsdag 25. februar klokka 19.30.

Har du tips til gode saker? Send det til tips@porten.no, via SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Til toppen